Kontrapunkt

Kontrapunkt. Eksempel på bruk av det dobbelte kontrapunkt, beregnet på at stemmene (i A) kan byttes om (som i B).

Av /Store norske leksikon ※.

Kontrapunkt er eit samleord for musikalske teknikkar der to eller fleire musikalske stemmer blir opplevd som å danna ein musikalsk heilskap, men utan at ein mistar kjensla av at det er sjølvstendige stemmer. Dette kan ein oppnå gjennom å gje melodiane sjølvstendig rytme og kontur; ein heilskap blir til ved at stemmene saman utformer akkordar. Songer som syngjast i kanon er eit eksempel på kontrapunktisk musikk. Omgrepet er særleg brukt i vestleg klassisk musikk, men i breiare forstand er kontrapunkt eit grunnleggjande musikalsk konsept som ein kan finne i musikk frå heile verda.

Faktaboks

Uttale
kˈontrapunkt
Etymologi
av latin punctus contra punctum, ‘note mot note’

Genre og teknikk

Kontrapunktiske teknikkar kan eksistera i dei fleste musikalske genrar og former. Kanon og fuge er døme på genrar som nesten er reint kontrapunktiske, der kontrapunktisk gjentaking av idéar etter særskilde reglar blir eit hovudtrekk i den musikalske utforminga. Utanfor desse genrene støyter ein sjeldan på musikk er sjeldan reint kontrapunktisk. Det er meir vanleg at kontrapunktiske stemmer kan bli brukt i kombinasjon med reine akkompagnementsstemmer, og at kontrapunktisk stil er brukt berre i delar av eit verk.

Musikk med store innslag av kontrapunktikk nyttar stundom teknikkar som diminusjon, augmentasjon, omvending og krepsgang, som nesten berre eksisterer i kontrapunktisk musikk. I omvendbart kontrapunkt (òg kalla permutasjonskontrapunkt eller dobbelt/trippelt kontrapunkt) har ein to eller fleire melodiar som alle kan fungera som basslinje, slik at materialet kan skifta fritt mellom stemmene.

Pedagogikk

Opplæring i kontrapunkt har gjerne vore basert på musikken til Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594) og Johann Sebastian Bach (1685–1750), som respektive mønsterdøme på renessanse- og barokkstil. Desse er ofte kalla modalt og tonalt kontrapunkt.Målet med slik opplæring er å læra bort korleis ein kan skriva sjølvstendige men komplementære melodiar, og korleis ein skal handsama ulike typer dissonansar i desse.

Kontrapunktopplæring har tradisjonelt vore basert på artskontrapunkt, der ein gradvis introduserer nye noteverdiar og dissonanstypar gjennom enkle øvingar. I seinare år har derimot pedagogiske metodar basert på faktiske komposisjonar vunne terreng.

Historie i vestleg musikk

Opphav og tidleg historie

I vestleg musikk finn ein fyrst kontrapunktisk tankegang i organum-komposisjonar frå 1200-talet, der ein la til ei eller fleire stemmer til ein eksisterande kyrkjemelodi, som gjerne var kalla cantus firmus. Slike melodiar blei gjerne attgjeve svært langsamt, slik at ein eller fleire stemmer kunne framføra motstemmer over og/eller under dei.

Renessansen og den tonale epoken

I renessansen var kontrapunkt eigentleg læra om korleis ein skulle kombinere stemmer, og slik den viktigaste eigentlege komposisjonslæra. Omgrepet var slikt langt breiare enn slik det er brukt i dag. Ein kan koka historia til kontrapunkt i denne perioden ned til tre historiske utviklingar:

  • Noteskrift som tillét større rytmiske skilnadar mellom stemmene.
  • Utviklinga av reglar for kva for intervall som er rekna som konsonante og dissonante, og korleis dissonansar skal bli oppløyst. Gjennom forståinga av korleis ein kunne kombinera to konsonante intervall skapar ein treklangar.
  • Ei endring frå ei melodisk forståing av kontrapunkt, der akkordar oppstår som eit resultat av stemmeføringa, til ei harmonisk forståing, der akkordane er grunnlaget for utforminga til musikken.

Utviklinga av mensuralnotasjon i ars nova-perioden gjorde at ein kunne skrive melodiar med ulike noteverdiar. Dette gjorde at nyskrivne stemmer ikkje berre var skrivne mot ein cantus firmus i lange noteverdiar, men at òg mot kvarandre. Melodiar kunne t.d. vekselvis vere raske og langsame.

I løpet av 1500-talet opplev ein at musikk går frå å ha meir eller mindre tilfeldige akkordrekkjer til å få rekkjer som meir og meir samsvarer med funksjonsharmonikk. Akkordane ser difor i mindre grad ut til å vera resultatet av kombinasjonar av kontrapunktiske stemmer, og i større grad ut til å vera eit underliggande rammeverk som er med på å avgjera korleis stemmene blir utforma. Dette blir stadfesta med generalbassen, som syner at ein for fyrste gong var interessert i å notera ned akkordar utan å vera interessert i korleis ein kom frå ein akkord til den neste. Samstundes oppstår harmonilæra, læra om kombinasjonar av akkordar, og frå og med barokken har dette eksistert som teoretisk motpol til kontrapunkt. Slik har kontrapunkt fått den snevrare meininga av ordet gjerne er brukt i dag.

Frå 1600-talet til i dag

I den tonale tidsperioden endra reglane for kontrapunkt seg lite, men eksisterande teknikk blei tilpassa den til ei kvar tid gjeldande forståinga av harmonikk. Gjennom denne perioden skilde ein gjerne mellom strengt kontrapunkt, som var skrive i ein historiserande stil basert på renessansens vokalstil og ein avgrensa, modal harmonikk, og fritt kontrapunkt, som kunne vere av meir instrumentell karakter, og nytta den til ei kvar tid moderne tonale tonespråket.

På 1900-talet byrja ein å setja spørjeteikn ved det påstått universelle i handsaminga av dissonansar, og dette leidde til ulike kontrapunktiske eksperiment. I musikk med utvida tonalitet fekk ofte kontrapunktisk teknikk ein større rolle som eit samanbindande element enn i tidlegare musikk. I oktetten til Igor Stravinskij (1882–1971) er til dømes musikken styrt av utviklinga av ulike melodiar, men utan at dette resulterer i akkordar som passar inn i tradisjonell harmonilære.

Kontrapunkt i verdsmusikk

Medan kontrapunkt som tema hovudsakleg har krinsa om vestleg klassisk musikk, er konseptet i si breiaste meining generelt nok til at det finst att òg i mange andre musikktradisjonar. Som eit døme kan ein nemne javanesisk gamelan-musikk, som har ei cantus firmus-aktig grunnstemme (balungan) som den øvrige musikken blir forma rundt etter strenge reglar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Christensen, Thomas: The History of Western Music Theory, Cambridge University Press, 2006
  • Sachs, Klaus-Jürgen og Carl Dahlhaus, «Counterpoint», Oxford Music Online, 2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg