Konsument er i økologien ein organisme som et andre levande organismar, og som ikkje sjølve kan lage all næringa dei treng. Ein definerer konsumentar som organismar som et levande føde, eller føde som veldig nyleg var levande, for å skilja dei frå nedbrytarar som lever av daudt organisk materiale. Alle dyr er forbrukarar.

Faktaboks

Uttale
konsumˈent
Etymologi
til konsumere
Også kjend som

forbrukar

Konsumentane kan ikkje drive fotosyntese eller kjemosyntese, slik produsentar (til dømes plantar) gjer. Dermed kan dei ikkje binde energi og lage sukker til celleanding. Forbrukarar må difor ete andre organismar for å få næring og energi.

Typar

Ein deler konsumentane inn i ulike kategoriar, alt etter kva slags organismar dei får næring frå. Dei dyra som er planteetarar, blir kalla primærkonsumentar. Sekundærkonsumentar er rovdyr som et planteetarar, medan tertiærkonsumentar er rovdyr som et rovdyr.

Primær-, sekundær- og tertiær viser her til posisjonen ein finn desse på i næringskjeda. I ei næringskjede står produsentane (oftast planter) nedst. På neste trinn står primærkonsumentane som et produsentane. Deretter kjem sekundærkonsumentane som et primærkonsumentane. Dyr som et både planter og andre dyr kan såleis opptre som primærkonsument i ei næringskjede og sekundærkonsument i ei anna samtidig.

Døme på primærkonsumentar er rådyr som et gras, og sommarfugllarvar som et blad og lauv. Ein svartkvit flugesnappar som et ein sommarfugllarve, er ein sekundærkonsument, medan ein spurvehauk som et flugesnapparen, er ein tertiærkonsument.

Somme rovdyr er både sekundær- og tertiærkonsumentar. Raudreven, til dømes, kan jakte på og ete både mus (primærkonsument) og kattar (sekundærkonsument). Altetande dyr er både primær-, sekundær- og tertiærkonsumentar. Brunbjørnen og mennesket er døme på dyr som kan ete både plantar, planteetarar og rovdyr.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg