Konkurranseevne er eit mål for kor god evne næringslivet i eit land har til å selje produkta sine i konkurranse med bedrifter i andre land.

Faktaboks

Uttale
konkurrˈanseevne

Statistisk er det vanlegvis berre aktuelt å berekne den relative konkurranseevna, det vil seie ein indikator for endringar i konkurranseevna. I ei slik berekning må det takast omsyn til utviklinga av prisane for produksjonsfaktorane, produktiviteten og valutakursane.

Sidan lønnskostnadene er den dominerande kostnadskomponenten, vil ein indikator for utviklinga i konkurranseevna overfor utlandet vere relative lønnskostnader per produsert eining (RLPE), det vil seie forholdet mellom lønnskostnader per produsert eining i norsk industri og i industrien hos handelspartnarane våre rekna om til felles valuta.

I tillegg til lønnskostnadene vil òg andre kostnadskomponentar som til dømes energikostnader og kapitalkostnader ha noko å seie for konkurranseevna.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg