Klikkelyd er en språklyd som er en lukkelyd (plosiv) som dannes ved at luften suges inn i munnen. Den smattelyden man bruker for å få en hest til å gå, er et eksempel på en slik lyd. Klikkelyder kan også kalles suge- eller smattelyder.

Faktaboks

Etymologi
av engelsk click

Klikkelyder forekommer som språklyder med betydningsskillende funksjon i flere språk i det sørlige Afrika, blant annet i khoisanspråkene og i noen bantuspråk, blant annet zulu og xhosa.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer (2)

skrev Tor-Ivar Krogsæter

Dette er ekstremt kortfatta og ikkje særskilt informativt. Om ein tenkjer på kor mangfaldige klikkelydane er – så som orale, nasale, glottale, pulmoniske og utstøytande (ejektive), og desse igjen med ulik grad av stemdheit, aspirasjon, pustelyd (/ʱ/), nasalisering, knirking (/◌̰/) og so bortetter og so bortetter – må ein kunne vere sams i at klikkelydane er minst like mangfaldige og rikhaldige som dei pulmoniske konsonantane. BBC fortel at san-språket N|uu har 45 klikk! Ein blir heller ikkje mykje klokare på korleis klikka høyrast ut og blir laga av å lese khoisanspråk-artikkelen som det er lenkja til her. Diverre, som det ofte er når det gjeld slike tema, må ein ty til Wikipedia for å lære noko meir djuptgåande. SNL kan bli og burde vere den beste kjelda til fagsterkt stoff om sovel snevre som vidtfamnande saker. Eg vonar at fagansvarlege kan skrive ein ny artikkel her som går i djubda på kva klikkelydane er, forklarar dei med både utgreiande forklaringar og dei tilhøyrande IPA-teikna, tek føre seg ulike transkripsjonar av dei og alfabet, og ikkje minst ser på kva status dei har i Afrika (og andre kontinent/område der lydane er i bruk) i dag, særleg med tanke på bevaringsarbeidet som blir gjort av sånne som Katrina Esau. BBC skreiv om ho at: «Her community crowned her Queen of the Western Nǁnǂe (ǂKhomani) San in 2015. A year earlier, then-president Jacob Zuma presented her with the National Order of the Baobab in Silver.» (https://www.bbc.com/travel/article/20210601-south-africas-language-spoken-in-45-clicks; sjå òg https://www.bbc.com/news/world-africa-39935150).

Lykke til! Eg kan lite om dette, men ønskjer å lære mykje om det, og SNL er plassen eg alltid byrjar når eg tek fatt på slike utforskingar.

svarte Jørgen G. Bosoni

Ja, eg heilt samd med deg, denne artikkelen (som vart skriven før mi tid i SNL) er svært kortfatta og treng ein gjennomgang. Takk for dei interessante innspela, som eg har notert og kjem til å ta omsyn til!

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg