Ketsj
Ein ketsj har to stormaster - ei cirka midt på båten, og ei akter (mesanen). Heilt fremst har båten ei genuafokk eller i vanleg fokk.
Ketsj

Ein ketsjrigga Swan 65 på lens, med mesan, storsegl og spinnaker.

Ketsj er ein seglbåt med ei mindre mesanmast akter i tillegg til stormasta. Mesanseglet, som kan vera eit bermudasegl eller gaffelsegl, er både eit framdriftssegl og eit segl for balansering av riggen, i motsetnad til mesanseglet på ein yawl, som hovudsakleg er for balansering.

Faktaboks

Ein viktig fordel med ein ketsjrigga båt samanlikna med ein båt med berre éi mast (slupp) er at seglarealet på kvart enkelt segl blir mindre, og derfor er meir handterleg for éin eller få personar. I tillegg blir trykket frå vind fordelt utover fleire segl, og båten har derfor ofte ein betre balanse. Ei av ulempene er at ein ketsj er mindre effektiv på kryss (mot vinden) enn ein båt med bare eitt storsegl, fordi seglet på stormasta skapar turbulens for mesanen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg