Kalenderår er den tida som blir rekna frå nyttår til nyttår, også kalla det borgarlege året (annus civilis).

Faktaboks

Uttale
kalˈenderår

I den julianske kalenderen og i vår gregorianske kalender er eit kalenderår rekna frå 1. januar kl. 00 til 31. desember kl. 24. Vanlege år har 365 døgn, medan skotår har 366 døgn. Eit gjennomsnittleg juliansk kalenderår har 365,25 døgn, medan eit gjennomsnittleg gregoriansk kalenderår har 365,2425 døgn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg