Jungle er ein musikksjanger innan elektronisk dansemusikk (EDM). Stilen oppstod i Storbritannia, og særleg London, tidleg på 1990-talet. Utgangspunktet var kulturen rundt rave og sjangeren breakbeat hardcore. Jungle var på sitt mest populære på midten av 1990-talet med sitt eige radioprogram på BBC. Musikksjangeren gav vidare inspirasjon til andre subsjangrar innan klubbmusikk, og skildrast ofte som forgjengaren til stilen drum and bass.

Faktaboks

Uttale
dʒˈʌŋgəl
Også kjend som

jungle music, drum & bass

Stilistiske kjenneteikn for musikken er eit raskt tempo (kring 160 bpm), komplekse og synkoperte breakbeat-trommeloopar, synthlinjer, og djupe basslinjer med ein noko røff lydkvalitet. Rytmane brukt i jungle er ofte inspirert av reggae og hiphop.

Sentrale aktørar innan sjangeren er blant anna Andy C, Aphrodite, Shy FX og Roni Size.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg