Junggrammatikarar – norsk: unggrammatikarar – var ei gruppe språkforskarar som var aktive ved universitetet i Leipzig i den siste tredelen av 1800-talet. Mellom dei fremste junggrammatikarane var August Leskien, Karl Friedrich Brugmann, Berthold Delbrück, Hermann Osthoff og Hermann Paul. Forskingsfeltet deira var først og fremst språkendring, det vil seie korleis språk endrar seg gjennom historia.

Faktaboks

Uttale
jˈunggrammˈatikere
Etymologi
junggrammatikarar kjem av tysk Junggrammatiker, det vil seie ‘unge grammatikarar’ – den unge generasjonen av grammatikarar med nye idear. Direkte omsetjing til norsk ville ha vore unggrammatikarar.

Lydlover er unnatakslause

Dei stod i opposisjon til eldre språkhistorikarar og hevda at lydendringar – eller lydlover (tysk Lautgesetze), som dei kalte det – er unnatakslause:

  • At ei lydendring er unnatakslaus, vil seie at dersom ei lydendring skjer i eitt ord, vil den same lydendringa skje i alle andre ord i same språket eller same dialekten.
  • Eit eksempel frå moderne norsk: I nokre norske dialektar blei kj-lyden (IPA [ç]) til ein sj-lyd (IPA [ʂ]) i dei siste tiåra på 1900-talet, slik at til dømes /²çyliŋ/ 'kylling' blei til /²ʂyliŋ/. Dette skjedde i alle ord med /ç/, som /²çøːpe/ 'kjøpe' > /²ʂøːpe/, /¹çiːnu/ 'kino' > /¹ʂiːnu/, /²biçe/ 'bikkje' > /²biʂe/ og så bortetter.

Junggrammatikarane var påverka av den tyske fysiologen Emil Heinrich du Bois-Reymond (1818–1896), som la fram doktrinen om at naturlover er unnatakslause.

Unnatak forklarte junggrammatikarane som eit resultat av analogi. I nokre tilfelle førte tilsynelatande unnatak til oppdaging av nye lydlover.

Junggrammatikarane innførte med dette ein større metodisk stringens i språkvitskapen, og ideen om at lydlovene er unnatakslause fungerer framleis som ein viktig arbeidshypotese i moderne historisk-komparativ språkvitskap.

Eit døme

Tidlegare på 1800-talet hadde språkforskarar – dansken Rasmus Rask og tyskaren Jacob Grimm – for første gong formulert ei systematisk lydlov – Grimms lov – som beskreiv kva urindoeuropeiske plosivar blei til i urgermansk. Mellom anna blei ustemde plosivar til ustemde frikativar, som framstilt i denne tabellen, der symbolet > tyder «blei til», og der stjerna * står framfor ein rekonstruksjon:

urindoeuropeisk > urgermansk
*p > *f
*t >
*ḱ > *x
*k > *x
*kʷ > *xʷ

Endringa *t > *þ ser ein mellom anna i desse orda (orda er oppgjevne utan bøyingssuffiks):

  • urindoeuropeisk *togo- 'tak' > urgermansk *þaka- 'tak'
  • urindoeuropeisk *tr̩no- 'torn' > urgermansk *þurna- 'torn'
  • urindoeuropeisk *bhrā́ter- 'bror' > urgermansk *brṓþer- 'bror'

Men tilsynelatande hadde Grimms lov nokre unnatak, som illustrert med desse orda, der urindoeuropeisk *t hadde blitt til urgermansk *ð i staden for til *þ:

  • urindoeuropeisk *mātér- 'mor' > urgermansk *mōðér- 'mor'
  • urindoeuropeisk *pHtḗr- 'far' > urgermansk *faðḗr- 'far'

Den danske språkforskaren Karl Verner (1846–1896) oppdaga at desse tilsynelatande unnataka var resultatet av ein tidlegare ukjend lydlov som fekk namnet Verners lov:

  • Dei urgermanske ustemde frikativane *f, *þ, *s, *x blei i yngre urgermansk til dei stemde frikativane *β, *ð, *z, *ɣ mellom stemde lydar (vokalar eller konsonantar), bortsett frå når aksenten låg på vokalen rett føre.

Med andre ord kunne ein rekonstruere eit eldste urgermansk stadium der 'bror', 'mor' og 'far' faktisk heitte *brṓþer-, *mōþér- og *faþḗr-, der aksenten er markert med ´. Etter Verners lov blei så *mōþér- og *faþḗr- i yngre urgermansk til *mōðér- og *faðḗr-, mens *þ blei ståande i *brṓþer-, som hadde aksenten på vokalen rett føre.

Verner offentleggjorde forklaringa si i 1876, og Verners lov blei sett på som ei viktig stadfesting av teorien om unnatakslause lydlover. Utan å byggje på den føresetnaden at lydlover er unnatakslause, ville ingen truleg ha oppdaga den lydendringa som fekk namnet Verners lov.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg