Issoleie på Finse.
Issoleie

Issoleie. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Issoleie er ein plante i soleieslekta i soleiefamilien. Issoleie er ei fleirårig urt som veks på høgfjellet, og er ein av dei plantane som er funnen høgast opp i fjellet i Noreg. På Fastlands-Noreg er issoleie oppført på Artsdatabankens raudliste for artar 2021 som sårbar, og for Svalbard som nær trua.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ranunculus glacialis
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
VU – Sårbar

Eigenskapar

Issoleie er ein fleirårig høgfjellsplante som blir 5 til 25 centimeter høg. Planten har tjukke, blanke og oppflika blad, og store blomar. Blomane er kvite i starten, men i løpet av bløminga skiftar dei farge til djup raud. Blomen fungerer som ein parabol som vender seg mot sola og skaper eit noko varmare mikrohabitat for insekt i den høgalpine sona. Fruktene som blir danna, er smånøtter som hovudsakleg blir spreidde passivt.

Utbreiing

Issoleie er ein amfiatlantisk art som i Noreg veks på grus og snøleie frå Telemark til Finnmark.

Raudlistestatus

Issoleie er på Artsdatabankens raudliste for artar (2021) oppført som sårbar (VU) på Fastlands-Noreg. Bakgrunnen er at planten er forventa å få ein stor populasjonsnedgang på grunn av klimaendringar. Klimaendringar vil negativt påverke habitatet issoleie er knytt til (snøleie), auke konkurransen frå andre artar og direkte påføre planten vevskadar ved overoppheting ved høgare temperaturar. På Svalbard er issoleie oppført som nær trua (NT) på grunn av eit estimert individtal under 2000.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

issoleie
Ranunculus glacialis
Tidlegare vitskapleg namn
Oxygraphis gelidus (Hoffmgg.) O.Schwarz non Kar. & Kir., Oxygraphis vulgaris Freyn, Beckwithia glacialis (L.) Á.Löve & D.Löve, Ranunculus gelidus Hoffmgg. non Kar. & Kir.
Artsdatabanken-ID
103149
GBIF-ID
3033461

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg