Inkjekjønn er eit genus (grammatisk kjønn), som er ein eigenskap ved substantiv i ein del språk, mellom anna norsk. På norsk kan det stå eit framfor eit substantiv i inkjekjønn, som i eit hus og eit land. I bunden form eintal får desse orda endinga -et: huset og landet. Norsk har genusa hokjønn og hankjønn i tillegg til inkjekjønn.

Faktaboks

Etymologi
latin genus neutrum
Også kjend som

intetkjønn

nøytrum, forkorta nøyt. eller n.

Samsvarsbøying på norsk

Genuset til eit substantiv viser seg ved at ein del andre ord må kongruere (samsvarsbøyast) i genus med substantiva. Dette gjeld ord som adjektiv, pronomen, determinativ, partisipp og i nokre språk også verb.

Her er nokre norske døme på slik kongruens:

  1. eit varmt og godt hus
  2. dette landet er vårt

I døme 1 er den ubundne (ubestemte) artikkelen eit (i motsetnad til ein eller ei), og to adjektiv som begge endar på -t. I døme 2 ser vi determinativet dette (i motsetnad til denne) og eigedomsordet vårt (i motsetnad til vår).

I nokre språk synest genuset også på bøyinga av substantiva, som når norske substantiv i inkjekjønn har endinga -et i bunden eintal, men dette er ikkje ein allmenn eller obligatorisk eigenskap ved genus.

Dei fleste norske dialektar har dei to genusa hankjønn og hokjønn i tillegg til inkjekjønn. Nokre dialektar har berre felleskjønn ved sida av inkjekjønn.

Inkjekjønn i andre språk

Inkjekjønn finst ved sida av hankjønn og hokjønn i mange indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab (nama, hottentottisk), som er eit språk i det sørlege Afrika.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg