Instrumentalis er ein grammatisk kasus for reiskapen ei handling blir utført med.

Faktaboks

Uttale
instrumentˈalis
Etymologi

av latin instrumentum 'reiskap, utstyr'

På norsk har vi ikkje ein slik kasus, men nyttar i staden preposisjonen med:

  • Eg skar opp brødet med kniv.
  • Han kløyvde veden med øks.

Kasusen instrumentalis finst i mange språk over heile verda. Grønlandsk har instrumentalis-suffikset -mik i eintal og -nik i fleirtal — jamfør denne setninga, som tyder 'eg åt med skei':

ADVERBIAL (reiskap) VERBAL
Alussaammik nerivaa
Med skei eg åt

Instrumentalis i ukrainsk

Instrumentalis er ein vanleg kasus i slaviske språk. Her er eit ukrainsk døme, der ručkoju (ручкою) 'med penn' er instrumentalis av ručka (ручка) 'penn':

SUBJEKT VERBAL ADVERBIAL (reiskap)
Він пише ручкою
Vin pyše ručkoju
Han skriv med penn

Instrumentalis, komitativ og (as)sosiativ

Instrumentalis er, som namnet tilseier, primært ein kasus som uttrykkjer ein reiskap (eit instrument), men i mange språk har instrumentalis fleire av dei same tydingane som den norske preposisjonen med, til dømes om ein følgjesvein.

I dei samiske språka finst kasusen komitativ, som like gjerne kunne kallast instrumentalis. I desse nordsamiske døma er bleahkain 'med blekk' komitativ av bleahkka 'blekk' og dinguin 'med dykk' komitativ av dii 'de':

SUBJEKT VERBAL ADVERBIAL (reiskap)
Mun čálán bleahkain
Eg skriv med blekk
SUBJEKT VERBAL ADVERBIAL (følgje)
Hearrá lehkos dinguin!
Herren vere med dykk!

Ein kasus som primært uttrykkjer følgje(svein), blir i nokre språk kalla sosiativ eller assosiativ.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg