Huso huso

Huso huso, huso. Foto fra: Kattegat Centret, Grenå, Danmark

Huso huso

Huso huso, huso. Foto fra: Kattegat Centret, Grenå, Danmark

utbredelse av huso
Naturlig utbredelse av huso (Huso huso). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).
utbredelse av huso

Huso er ein fiskeart i størfamilien. Huso-støren er ein ferskvassfisk som vandrar langt frå elvene der han veks opp til ulike havområde der han veks seg stor. Huso er ein av dei største ferskvassfiskane i verda. Kaviar laga av egga til huso er ettertrakta.

Faktaboks

Også kjend som
beluga
Vitskapeleg namn
Huso huso
Beskriven av
(Linnaeus, 1758)
Global rødlistestatus
CR – Kritisk truet

Huso-støren kallast òg beluga, men må ikkje bli forveksla med delfinarten kvitkval, som òg blir kalla beluga og lever i arktiske farvatn.

Beskriving

Huso kan bli opptil åtte meter lang, og det er rapportert om vekt på over tre tonn. Slike store eksemplar finst knapt i dag, først og fremst på grunn av hardt fiske.

Huso er den største størarten og ein av dei største ferskvassfiskane i verda. Arten vert rekna for verdas lengste beinfisk.

Utbreiing

Belugastør lever no hovudsakleg i Svartehavet og Kaspihavet, medan han tidlegare òg var vanleg i Adriaterhavet og Azovhavet.

Arten er imidlertid blitt sjelden på grunn av utstrakt overfiske, og store fiskar finst nesten ikkje meir.

Formering

Hannane blir ikkje gytemodne før dei er 10–15 år gamle, og hoene først når dei er 15–18 år. Dei viktigaste gyteelvene er Donau og Volga.

Vern

Som ei følgje av tapte gyteområde og overfiske er arten gått sterkt tilbake, og han står i dag på IUCN (Verdsnaturvernunionen) si liste over truga fiskeartar.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

huso
Huso huso
Artsdatabanken-ID
216530
GBIF-ID
2402105

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg