Hokjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som finst i ein del språk. Norsk er eitt av språka der hokjønn finst, men ikkje alle norske dialektar har det. Nokre norske ord med hokjønn er jente, sol og hytte. Ord med hokjønn kan det stå ei framfor – ei jente, ei sol og ei hytte. I bunden form eintal har disse orda endinga -a: jenta, sola og hytta.

Faktaboks

Etymologi
latin genus fēminīnum 'kvinneleg kjønn'
Også kjend som

hunkjønn

femininum, forkorta fem. eller f.

Dette genuset blir kalla hokjønn fordi substantiv som viser til menneske og dyr med det naturlege (biologiske) kjønnet hokjønn, ofte har dette genuset. Nokre døme på dette er dei norske orda jente, dotter, syster, ku, kvige, hoppe, simle. I tillegg til hokjønn har norsk også genusa hankjønn og inkjekjønn.

Samsvarsbøying på norsk

For å sjå kva genus eit substantiv har, må ein sjå på korleis ein del andre ord blir bøygde når dei står i ein grammatisk relasjon til dette substantivet.

Her er nokre døme som viser at substantivet bok har eit anna genus enn bil og hus:

  1. Hokjønn: ei lita bok, boka er mi.
  2. Hankjønn: ein liten bil, bilen er min.
  3. Inkjekjønn: eit lite hus, huset er mitt.

Her er determinativ (ei, ein og eit), adjektiv (lite, liten og lite) og possessiv (mi, min og mitt) samsvarsbøyde med substantiva i genus, og det er denne samsvarsbøyinga som viser kva genus eit substantiv har. Det er altså ikkje tydinga til eit substantiv som viser at det har genuset hokjønn; det finst mellom anna inkjekjønnsord som viser til menneske med biologisk hokjønn, som kvinnfolk og viv, og dei fleste yrkestitlar har genuset hankjønn, uavhengig av biologisk kjønn, for eksempel sjåfør, fiskar, lærar og lege.

Norske dialektar utan hokjønn

Substantiv i hokjønn endar på -a i bunden (bestemt) eintal, som jenta og boka. Substantiv i hankjønn og inkjekjønn har andre endingar.

Det finst norske dialektar som har bøyingsformene kua og boka, men som likevel manglar genuset hokjønn og har genuset felleskjønn i staden for hokjønn og hankjønn. Dette ser vi av at ku, bok, okse og bil har dei same bøyingsformene av artiklar, adjektiv og possessiv knytte til seg:

  1. Felleskjønn: en liten ku/bok/okse/bil,kua/boka/oksen/bilen er min.
  2. Inkjekjønn: et lite dyr/hus, dyret/huset er mitt.

I dialektar med dette systemet er ikkje suffikset -a i bunden eintal eit merke på genuset hokjønn, men på ein særskild bøyingsmåte av nokre substantiv med felleskjønn.

Hokjønn i andre språk

Hokjønn finst ved sida av hankjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab frå det sørlege Afrika. Det finst dessutan ved sida av berre hankjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somalisk, koptisk, tamazight og hausa).

Germanske språk

Islandsk, færøysk og tysk er andre germanske språk som har halde ved lag dei tre tradisjonelle indoeuropeiske genusa. Her er nokre tyske døme:

  • hokjønn: eine kleine Kuh 'ei lita ku'
  • hankjønn: ein kleiner Ochs 'ein liten okse'
  • inkjekjønn: ein kleines Tier 'eit lite dyr'

Det er ikkje alltid slik at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, også har det grammatiske kjønnet hokjønn, som desse inkjekjønnsorda viser:

  • inkjekjønn: ein kleines Mädchen/Weib 'ei lita jente/kvinne'

Tysk Weib svarer etymologisk til norsk viv 'kone, kvinne', som òg er eit inkjekjønnsord (på bokmål kan det òg vere eit hankjønnsord).

Fleire svenske og danske dialektar har halde ved lag hokjønn, mens andre dialektar og riksspråka berre har felleskjønn og inkjekjønn, som i desse svenske døma:

  • Felleskjønn: en liten ko/oxe/bok/bil, kon/pojken/boken/bilen är min.
  • Inkjekjønn: ett litet djur/hus, djuret/huset är mitt.

Slaviske språk

Slaviske språk har halde ved lag dei tre indoeuropeiske genusa, som desse polske døma viser:

  • hokjønn: mała krowa 'ei lita ku'
  • hankjønn: mały byk 'ein liten okse'
  • inkjekjønn: małe zwierzę 'eit lite dyr'

Romanske språk

Dei romanske språka stammar frå latin, som hadde tre genus, som vist i desse døma:

  • hokjønn: parva vacca 'ei lita ku'
  • hankjønn: parvus bōs 'ein liten okse'
  • inkjekjønn: parvum animal 'eit lite dyr'

Men moderne romanske språk har mista inkjekjønn og har berre to genus, hokjønn og hankjønn, som i desse katalanske døma:

  • hokjønn: una petita vaca 'ei lita ku'
  • hankjønn: un petit bou 'ein liten okse', un petit animal 'eit lite dyr'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Sverre Olav Lundal

Mädchen er inkjekjønnsord fordi ordet er forminskingsform av hokjønnsordet Magd. Ord som sluttar -chen er inkjekjønnsord.

skreiv Rolf Theil

Takk for merknaden!
Eg kjenner sjølvsagt grunnen til at Mädchen ikkje er eit hokjønnsord, trass i tydinga. Men Mädchen er i alle høve eit unnatak frå regelen om at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, og her er dette hovudsaka. Det verkar ikkje rimeleg å gå meir inn på detaljar i tysk grammatikk i denne vesle artikkelen. Skiljet mellom Weib (inkjekjønn utan synkron grunn) og Mädchen (inkjekjønn av ein synkron morfologisk grunn) blir i denne samanhengen mindre relevant.

svarte Rolf Theil

Det blei ein feil i teksten over. Det skal stå:
"Men Mädchen er i alle høve eit unnatak frå regelen om at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, også har det grammatiske kjønnet hokjønn, og her er dette hovudsaka."

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg