Heresi betyr kjetteri eller vranglære.

Faktaboks

Uttale
heresˈi
Etymologi
av latin haeresis ‘filosofisk skule, kjetteri’ og gresk hairesis ‘det å ta, velja; filosofisk skule, religiøs sekt’

I den opphavlege betydninga karakteriserer det greske ordet heresi eit parti, ein skule eller ei filosofisk retning. Denne betydninga finst i Det nye testamentet: i Apostelgjerningane, kapittel 5, vers 17 om saddukearpartiet, og i Galatarbrevet, kapittel 5, vers 20 om partivesen. Ordet finst også i nedsetjande betydning om ei sekt, til dømes i Apostelgjerningane, kapittel 24, vers 5 om nasorear-sekta. I Peters andre brev, kapittel 2, vers 1 blir ordet brukt om «vranglære som fører til undergang» og i Paulus brev til Titus, kapittel 3, vers 10 om «vranglærar». Den nedsetjande betydninga kom til å bli einerådande i kristen språkbruk.

Sidan den kristne kyrkja heilt frå byrjinga meinte at ho hadde rett til å fastleggja den rette læra, avgrensa ho seg mot vranglære. Behovet for slik avgrensing stimulerte utforminga av kristne dogme. Katolsk teologi skil mellom formell og materiell heresi: Formell heresi er bevisst og varig forkasting av kristne trussanningar. Dette er heresi i den eigentleg betydninga. Materiell heresi betyr å ha ei feilaktig tru, men utan at ein har valt det eller er klar over det. Dette inneber korkje synd eller skuld, og er difor ikkje heresi i eigentleg forstand.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg