Gullah er ein kreol-dialekt, basert på proto-pidgin-engelsk, som var i bruk på kysten av Vest-Afrika på 1500-talet, og ei rekkje vestafrikanske språk. Dialekten blei tidlegare talt av den svarte befolkninga på kysten av South Carolina og Georgia og på Sea Islands, og desse folka blei ofte omtalte med dei vestafrikanske namna gullah (gola) og geechee.

Faktaboks

Uttale
gˈʌlə

Omkring 6000 afrikanske ord er blitt identifisert i gullah. Enkelte ord har også slått rot i amerikansk engelsk, slik som for eksempel juke (i jukeboks) og voodoo. Gullah røpar slektskap med mellom anna vai, mende, twi, ewe, hausa, yoruba, ibo og kikongo, språk som blei talte av slavar innførte til USA på 1700- og 1800-talet. For øvrig viser gullah trekk av engelsk talemåte karakteristisk for engelske nybyggjarar på 1600- og 1700-talet.

Du Bose Heyward gjorde bruk av dialekten i sin roman Porgy (1925), som danna grunnlaget for George Gershwins opera Porgy and Bess. I dag er gullah eit truga språk, med 390 talarar i 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg