Nikolai Frederik Severin Grundtvig
Nikolai Frederik Severin Grundtvig
Av /Den Hirschsprungske Samling.

Grundtvigianismen er ei kyrkjeleg retning og folkeleg kulturrørsle. Grundtvigianismen oppstod i Danmark på 1800-talet og byggjer på tankane til den danske teologen Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783–1872).

Faktaboks

Uttale
grundtvigianˈismen

Grundtvigianismen blir gjerne også knytt til frisinna kristendom med styrking av nasjonalkjensle og identitet. Først og fremst i Danmark, der Grundtvig verka, men også i Noreg. Det blei lagt vekt på at menneska skulle opplysast, og opplysning blei vurdert som eit gode i seg sjølv.

Etter Grundtvig blei rørsla ført vidare av Jacob Christian Lindberg, Peter Christian Kierkegaard, Carl Joakim Brandt og andre.

Ideane

I grundtvigianismen blir det lagt vekt på å søkja den opphavlege kristendommen, slik han er nedfelt i den den apostoliske dåps- eller truvedkjenninga. Grundtvig meinte sjølv at denne stamma direkte frå Jesus Kristus. Dette blei ofte kalla «den kyrkjelege oppfatninga». Bibelen såg han på som opplysande «lysord». Det levande ordet er den munnlege forkynninga til kyrkjelyden (meinigheita) av Kristi ord. Særleg viktig er Fadervår, dåpsordet, nattverdsorda og truvedkjenninga. Grundtvig meinte at Kristus er til stades i orda som blir sagde når kyrkjelyden er samla omkring døypefonten og nattverdsorda.

Sakramenta blir det lagt stor vekt på. Grundtvigianismen er ikkje høgkyrkjeleg. Presteembetet har lite å seia, og det er liten sans for liturgi. Det er også lite snakk om kva som er syndig, og det er ikkje noko krav om ei brå omvending. Derimot legg grundtvigianismen mykje vekt på samanhengen mellom det som er menneskeleg, og det som er kristeleg.

Grundtvigianismen i Danmark

Grundtvigianismen har hatt sterk innverknad på dansk kyrkje- og kulturliv, mellom anna gjennom den kyrkjelege fridomslovgivinga (valkyrkjelydar) og folkehøgskulane. Særleg på landet har rørsla stått sterkt. Rørsla står på mange måtar i motsetnad til dansk indremisjon.

Grundtvigianismen i Noreg

I Noreg gjorde grundtvigianismen seg gjeldande gjennom folkehøgskulane. Dei mest kjende grundtvigianarane i Noreg var Ole Vig, W.A. Wexels, Herman Anker og Olaus Arvesen. Anker og særleg Arvesen, var personlege disiplar av Vig, som var den som først førte Grundtvigs tankar om opplysning og folkeleg kristendom inn i Noreg gjennom tidsskriftet Folkevennen, som han var redaktør for. Men Vig, som også var påverka av Henrik Wergeland, døydde tidleg i sitt virke, i 1857, berre 33 år gammal. Tanken om den lyse, opplyste kristendom møtte sterk motstand frå det teologiske fakultetet (særleg hos professor Gisle Johnson) og dei kyrkjelege styresmaktene var kritiske. Bjørnstjerne Bjørnson var derimot lenge tiltrekt av grundtvigianismen, og stod i 1867 fram offentleg som grundtvigianar. Han hadde møtt Vig så tidleg som i 1855. Vigs tankar blir også vidareførte av Christopher A. Bruun.

Etter 1866 blei grundtvigianismen mindre prega av luthersk vedkjenning, med konsentrasjon om Bibelen, og gjekk meir i retning av frisinna kristendom.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bye, Arild: Folkevennen Ole Vig, 2014
  • Nørgaard, Anders: Grundtvigianismen : et historisk Bidrag, 1935–1938, 3 b.
  • Skrondal, Anders: Grundtvig og Noreg : kyrkje og skule 812–1872, 1929
  • Skrondal, Anders: Grundtvigianismen i Noreg: kyrkje og skule 1872–1890, 1936
  • Thodberg, Christian & Anders Pontoppidan Thyssen, red.: Grundtvig og grundtvigianismen i nyt lys, 1983
  • Thorkildsen, Dag m.fl.: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre, 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg