Gradbøying er i grammatikk det å bøye adjektiv og adverb for i dei tre gradane positiv, komparativ og superlativ.

Faktaboks

Også kjend som

komparasjon

Her er nokre eksempel på gradbøying av adjektiv og adverb i norsk:

positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV kvit kvitare kvitast
ADVERB ofte oftare oftast

Skilnaden på komparativ og superlativ

Komparativ og superlativ blir brukte ved samanlikning. Ved komparativ samanliknar ein to individ (eller to grupper):

  • Denne sauen er kvitare enn den der borte.
  • Marius er sterkare enn Rolf.
  • Elgar er større enn rådyr.

Ved superlativ samanliknar ein eit individ med resten av ei gruppe det er medlem i:

  • Denne sauen er den kvitaste av alle sauene mine.
  • Marius er den sterkaste av dei.
  • Elgane er dei største (blant) landdyra i Noreg.

Morfologisk og perifrastisk uttrykk for komparativ og superlativ

Gradbøying er ein type komparasjon, det å uttrykkje gradane positiv, komparativ og superlativ morfologisk (med bøying) eller perifrastisk (med «småord»). I norsk blir komparativ og superlativ ved relativt lange ord uttrykte perifrastisk, med adverba meir og mest:

positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV romantisk meir romantisk mest romantisk

Denne blandinga av morfologisk og perifrastisk komparasjon finn ein òg i engelsk (white – whiter – whitest, romantic – more romantic – most romantic). Tysk brukar berre morfologisk komparasjon:

Tysk positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV lang länger längst
ADJEKTIV romantisch romantischer romantischst

Romanske språk har berre perfirastisk komparasjon, som i desse franske og rumenske døma:

Fransk positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV blanc plus blanc le plus blanc 'kvit'
ADJEKTIV romantique plus romantique le plus romantique 'romantisk'
Rumensk positiv komparativ superlativ
ADJEKTIV alb mai alb cel mai alb 'kvit'
ADJEKTIV romantic mai romantic cel mai romantic 'romantisk'

Gradbøying og semantikk

Vi finn ikkje gradbøying – eller komparasjon meir allment – ved alle adjektiv. Føresetnaden er at dei kan uttrykkje ulike gradar og ikkje berre absolutte eigenskapar. Individ og grupper kan variere i til dømes storleik, styrke, farge, vekt, høgd, djupn og så bortetter. Difor kan ein seie Ola er større/sterkare/raudare/tyngre/høgare enn Nils.

Andre eigenskapar er absolutte: Anten er ein person til dømes gift eller ikkje gift, død eller ikkje død, kristen eller ikkje kristen. Setning 2 og 3, som er markert med *, er difor ikkje utan vidare akseptable:

  1. Jørn er gift.
  2. *Jørn er giftare enn Anders.
  3. *Jørn er den giftaste av sønene hennar.

Når vi seier slikt som Per er meir kristen enn Pål, brukar vi ikkje adjektivet kristen i tydinga 'som vedkjenner seg til kristendomen', men i tydinga 'som har ei åtferd som er typisk for kristne' — og da har vi å gjere med ein eigenskap som kan finnast i ulike gradar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg