Den første gotiske forteljinga
Otranto-borga i Italia

Det er typisk gotisk stemning i dette biletet frå ei reiseskildring i 1820.

Av .

Gotisk roman er ein sjanger som voks fram i Storbritannia i 1750- og 1760-åra, delvis som reaksjon mot den borgarlege, realistiske romanen. Den gotiske romanen blomstra i om lag eit halvt hundreår, men har også hatt sterk innverknad på seinare forfattarskap.

Faktaboks

Også kjend som

gothic novel

Ordet «gotisk» vart først brukt om fiksjon i Horace Walpoles The Castle of Otranto (1764), som etter andre utgåve hadde undertittelen «Ei gotisk forteljing». Det viser til sansen for mellomalderen eller andre eksotiske settingar.

Typisk gotiske romanar

Nokre typiske gotiske romanar som kan trekkjast fram, er Matthew Lewis' Ambrosio, or, The Monk (1796), Ann Radcliffes The Mysteries of Udolpho (1794) og The Italian (1797), William Godwins Caleb Williams (1794), Mary Shelleys Frankenstein (1818) og Charles Maturins Melmoth the Wanderer (1820).

Særleg var Ann Radcliffe ein populær forfattar av gotiske romansar, og det er også henne Jane Austen parodierer i Northanger Abbey (1817).

Stiltrekk og påverknad

Felles for dei fleste gotiske romanane er vekta på det overnaturlege, fantastiske og makabre, og framstillinga av ei fargerik, kaotisk verd der unntaksmennesket står i sentrum for svært dramatiske storhendingar. Personane bevegar seg ofte inn i draum, fantasi og også sinnssjukdom. Handlinga går ikkje sjeldan føre seg i ei fjern fortid eller fjerne himmelstrok.

Slik står Sir Walter Scotts historiske skildringar i gjeld til den gotiske romanen, men det er også tydelege spor av gotiske stiltrekk i til dømes Charles Dickens Ei juleforteljing (A Christmas Carol, 1843) og Emily Brontës Stormfulle høgder (Wuthering Heights, 1847). Robert Louis Stevensons Dr Jekyll og Mr Hyde (1886), og Oscar Wildes Portrettet av Dorian Gray (1891) har begge utprega gotisk motiv og plott, for ikkje å gløyme Bram Stokers vampyr-roman Dracula (1897).

Interessa for det irrasjonelle ved den menneskelege psyken føregrip sider ved den psykologiske romanen slik denne kom til å utvikle seg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg