Gorgonzolaost
Italiensk gorgonzolaost.
Av /Shutterstock.

Gorgonzola er ein italiensk ost som er den mest berømte blåmuggosten i landet. Osten kjem opphavleg frå byen Gorgonzola på Posletta, like aust for Milano, der han har blitt selt på marknaden sidan 1100-talet.

Faktaboks

Uttale
gorgonzˈola

Osten er mjuk med ein markant smak og kjem i to variantar: dolce og piccante. Sistnemnde blir tidvis også kalla originale. Piccante er fastare i konsistensen og kraftigare i smaken enn dulce.

Historikk

Osten blei laga av kumjølk når det om hausten passerte mengder av kyr frå fjellbeite i Alpane og ned til låglandet. Produksjonsmåten er uvanleg: Ostemassen frå gårsdagen blir lagvis og likt blanda med dagens ostemasse, før det heile blir varma opp og blir vidareforedla.

Gorgonzola blei tidlegare modna i naturlege grotter. No blir osten tilverka industrielt i mange område og laga av pasteurisert mjølk.

Framstilling

I motsetnad til dei fleste andre blåmuggostar, der det gjerne er soppen Penicillium roqueforti som blir brukt, er det tilsetjing av Penicillium glaucum som skaper blåmuggårene i gorgonzola.

Gorgonzola har det europeiske geografiske opphavsvernet PDO og kan berre bli tilverka i bestemde område av Piemonte og Lombardia.

Gorgonzola blir seld som sylindrar på seks til tolv kg, pakka i aluminiumsfolie. Feittinnhaldet i tørrstoffet er 48 prosent.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg