Glans

Glans. Mannen med gullhjelmen, 1650–1655. Gemäldegalerie, Berlin. Sannsynlegvis måla av ein av Rembrandts elevar, og eit godt døme på attgiving av glans i målarkunsten.

Av /KF-arkiv ※.
Stilleben med sølvmugge og porselensbolle
Willem Kalf var særleg kjend for stilleben der studien av refleks og høgglans er heva til ein kunstart i seg sjølv. Stilleben frå 1655-1660.
Silkestoff
Silkefibrane blir rekna blant dei mest eksklusive tekstilfibrane, både på grunn av den vakre glansen og den store styrken, men òg fordi det er komplisert å framstille silke.
Madonnamosaikk

Bysantinsk kunst har betydd særleg mykje for utviklinga til mosaikk-kunsten. Madonna, mosaikk frå 1300-talet. Det bysantinske Museum, Athen.

Madonnamosaikk
Av .
Lisens: fri

Glans er ei karakteristisk visuell oppleving som dels heng saman med generelle optiske eigenskapar ved ei overflate, dels med individuelle optiske eigenskapar i auget.

Faktaboks

Etymologi
Ordet glans er avleidd av ein indoeuropeisk ordstamme, ghel, som også omfattar kvalitetar som ‘gult’ og ‘strålande’.

Generelle optiske vilkår

Glans blir i optikken oppfatta som ein eigenskap ved meir eller mindre glatte overflater. Desse verkar då dels som speglande flater som kastar innfallande lys tilbake ifølgje refleksjonslova, og dels som matte flater som spreier det tilbakekasta lyset (diffusjon) og derfor ser meir eller mindre lyse ut i alle retningar. I slike overflater kan ein sjå meir eller mindre diffuse spegelbilete. Eit typisk døme på dette er druer og tomatar.

Graden av optisk glans dannar ein skala frå høgglans til mattglans. I fargehandelen kan ein til dømes velje mellom overflatekvalitetar som blank, halvblank, halvmatt, matt og ultramatt. Graden av glans betyr forholdet mellom intensiteten av spegelen og diffusert lys frå overflata. Men dette forholdet kan variere både med retninga til belysninga og retningsstrukturen på overflata, og det er derfor utarbeidd ulike målemetodar for ulike typar optisk glans. I geologien er glans eit viktig karakteristikon ved skildring av mineral.

Metallglans

Metallglans føreset at metall har sterk refleksjon ved alle innfallsvinklar. Den gylne glansen til gull og den raudlege glansen til kopar kjem av at overflata reflekterer sterkast i den langbølgja delen av energispektrumet til lyset (selektiv refleksjon). Svært tynne foliar av gull har blågrøn gjennomskinleg farge som kjem av den ikkje-reflekterte delen av det innfallande lyset.

Også mange fargestoff har selektiv refleksjon og framstår derfor med sterkt farga metallglans. Dette gjeld til dømes metylfiolett, med fiolett metallglans både i krystallform og i konsentrert oppløysning.

Den typiske silkeglansen føreset ein komplisert, men regelmessig fiberstruktur.

Nimbus

Omkring gatelykter i disig luft ser ein eit svakt lysande felt, ein nimbus. Han kjem av spreidd refleksjon frå vassdropar i lufta. Også på ei doggvåt mark i morgonsola kan ein sjå ein lysande nimbus, ein såkalla helgenglorie, omkring skuggen av sitt eige hovud. Det føreset at vassdropane har størst refleksjon i retning av lyskjelda, i dette tilfellet sola, og dermed i retning av skuggekastaren, som her blir hovudet til betraktaren. Dersom fleire personar står ved sida av kvarandre, vil kvar av dei berre sjå helgenglorien omkring sitt eige hovud.

Denne verknaden blir mellom anna utnytta i trafikkskilt. Når lyskjegla frå frontlyset på ein bil treffer eit trafikkskilt, lyser skiltet opp med kraftig glans. Dette kjem av svært små, blanke plast- eller glaskuler som er tilsette i skiltfargen. Desse har maksimal refleksjon i retning av lyktene, men på grunn av krumminga til kulene blir det reflekterte lyset noko spreidd, slik at skiltet blir oppfatta som ei skinande flate, ikkje som ein spegel.

Individuelle optiske vilkår

Glansen sin karakter er òg avhengig av dei optiske eigenskapane til auget. Lysande punkt (t.d. stjerner og billykter) viser seg for oss med ein strålekrans, som kjem av uregelmessig lysbryting i fiberstrukturen til augelinsa. Dersom ein dreier hovudet omkring synsretninga, vil strålekransane derfor følgje med dreiinga. Jo meir intenst lyset er, jo meir differensiert blir strålekransen, og han kan då bli avslutta med eit system av farga ringar i fargenyansane til regnbogen, ein såkalla glorie, som er avhengig av bøyinga til lyset (diffraksjon) i cellestrukturen til linsa.

Spreiinga av lyset i augevæska gjer at moderat lysande punkt (stearinlys) i eit mørkt rom viser seg for oss omgitt av eit svakt lysande felt (nimbus).

Raske rørsler av lysande punkt, til dømes solbilete i ei småkrusa vassflate, kan òg skape inntrykket av glans. Det same gjeld når auget beveger seg i forhold til dei lysande punkta, til dømes når ein går over ei glitrande snøflate. I dette tilfellet speler brytinga av lyset i snøkrystallane inn, men samtidig blir glanseffekten forsterka av at dei to netthinnene blir trefte av ulike fargar og lysstyrkar.

Glansoppleving i filosofi og kunst

Fargeoppfatning i tidlegare tider la stor vekt på sanseinntrykket av glans. Hos Platon blir glans (gresk lampron) oppfatta som eit grunnsanseinntrykk, ved sida av kvitt, svart og raudt. Av moderne filosofar krinsar Ludwig Wittgenstein mykje omkring problemet til glansen i sine etterlatne språkanalytiske Remarks on Colour.

I bysantinsk mosaikkunst blei overflateglans medvite utnytta ved hjelp av gullbelagde mosaikksteinar, som blei lagde med slike hallingsvinklar at reflekslyset blei dirigert i ønskte retningar. I målarkunsten på 1600-talet var ein svært opptekne av å gi att glans i perler, druer, krystallglas og så vidare ved hjelp av dei ordinære halvmatte fargestoffa til paletten. Døme finn ein i stillebensbilete, til dømes hos Willem Kalf og Jan Vermeer van Delft.

Symbolikk

Glans blir ofte assosiert med noko opphøgd. Uttrykk som «det står glans av» kan oppfattast som ein språkleg leivning av den helgenglorien som i eldre biletkunst var eit kjenneteikn for opphøgde personlegdomar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg