Gjennomsnittskostnader er innan økonomi eit beløp som er lik kostnadene ved produksjon av ei mengd varer eller tenester dividert med talet på produserte einingar.

Ein skil mellom variable og totale gjennomsnittskostnader. Dei totale gjennomsnittskostnadene omfattar i tillegg til dei variable kostnadselementa òg kostnader som er knytt til administrasjon og til realkapitalen – det vil seie slitasje av bygningar, maskiner og anna produksjonsutstyr, og dessutan avkastning av kapitalen som er bunden i slike anlegg.

Dersom bedrifta berre produserer eitt produkt, er det enkelt å rekne ut gjennomsnittskostnadene. Dersom bedrifta produserer fleire produkt, er det meir komplisert. Mange av dei faste kostnadene er felleskostnader, og det er vanskeleg å fordele desse felleskostnadene på ein måte som reflekterer den sanne ressursbruken til kvart enkelt produkt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg