Bananflue (Drosophila melanogaster)
Bananfloge er ein art med veldig kort generasjonsintervall.

Generasjonsintervall, eller generasjonstid, er gjennomsnittleg tid mellom fødsel av foreldre og avkom.

Faktaboks

Uttale
generasjˈonsintervall

Hjå artar med ikkje-overlappande generasjonar der individ døyr rett etter å ha produsert sine fyrste avkom er generasjonsintervallet lett å definera og rekna ut. Hjå artar med overlappande generasjonar der individ kan reprodusera seg fleire gonger gjennom livet er det litt meir komplisert og det finst ulike definisjonar, men det vanlegaste er å rekna generasjonsintervallet som gjennomsnittleg alder ved reproduksjon. Orda generasjonsintervall og generasjonstid kan innan visse fagfelt nyttast litt ulikt, men som oftast vert dei nytta om einannan.

Generasjonsintervall i evolusjons- og populasjonsbiologi

Generasjonsintervallet spelar ei viktig rolle innanfor evolusjons- og populasjonsbiologi. Evolusjon skjer ved små endringar frå generasjon til generasjon. Når generasjonsintervallet er langt vil dette vera ein veldig langsam prosess, medan artar med korte generasjonsintervall kan endra seg mykje på kort tid. Vitskaplege laboratoriestudie av arv og evolusjon nyttar difor ofte artar med veldig korte generasjonsintervall, sånn som bananfloger (10–14 døger).

Artar med korte generasjonsintervall vil kunna utnytta periodar med gunstige miljøforhold til rask populasjonsvekst. Dette gjeld særleg fordi korte generasjonsintervall ofte finst hjå artar som og produserer relativt store kull. Sidan mus vert kjønnsmogne allereie etter 5–8 veker og får 4–7 ungar per kull, kan ein periode med gode forhold føra til eksplosiv vekst av populasjonen. Hjå elefantar, som har generasjonsintervall på om lag 25 år og sjeldan føder meir enn ein kalv om gongen, vil denne typen eksplosiv vekst i populasjonsstorleiken aldri vera mogleg.

Generasjonsintervall og andre livshistorietrekk

Generasjonstida kan ofte knytast til andre livshistorietrekk. Artar med lange generasjonsintervall får som oftast få avkom, og både avkoma og vaksne individ plar ha låg dødelegheit. Artar med korte generasjonsintervall, derimot, plar ofte produsera store kull, men både avkoma og dei vaksne individa har høgare dødelegheit. Ikkje alle artar følgjer dette mønsteret, men det er ein god tommelfingerregel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg