Til dømes er rev (her fjellrev) ein typisk generalistpredator som et mange ulike pattedyr, i tillegg til åtsel og avfall.
Til dømes er rev (her fjellrev) ein typisk generalistpredator som et mange ulike pattedyr, i tillegg til åtsel og avfall.
Lisens: CC BY SA 3.0

Generalist er ein art som utnyttar eit breitt spektrum av ressursar (føde, tilhaldsstad med meir), i motsetnad til ein spesialist.

Faktaboks

Uttale
generalˈist
Etymologi
av general

Generalistar har breie økologiske nisjar. Dei har gjerne vid utbreiing, og føde og levevis kan variere mykje frå stad til stad. Generalistar vil også ha større høve til å tilpasse seg habitat som er påverka av menneske, samanlikna med spesialistar.

Til dømes er rev ein typisk generalistpredator som et mange ulike pattedyr, i tillegg til åtsel og avfall. Andre kjende generalistar i norsk natur er løvetann, kråke og torsk. Parasittar som er i stand til å parasittere mange ulike vertar, blir også definerte som generalistar.

Dei fleste artar er korkje ekstreme generalistar eller ekstreme spesialistar, men ligg ein stad mellom desse to ytterpunkta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg