Gardvord er etter folketrua eit vette som vaker over garden og ser etter at alt går riktig for seg. Av og til var gardvorden tenkt som den første bonden på garden, rudkallen. Han ga velstand og trivnad om ein stod på god fot med han og gav han dei offera som han etter tradisjonen hadde rett til.

Faktaboks

Etymologi
norrønt garðvǫrðr
Også kjend som

gardsbonde, godbonde, haugebonde, tuft, tuftekall, nisse, tomt

Det var ei utbreidd tru at gardvorden skulle ha ei eiga seng ståande på garden som ingen andre måtte sove i. Dersom nokon la seg i tussesenga, vart han utkasta av usynlege hender om natta. Tussesenga stod oppreid på loftet på garden, huset som blei brukt til å oppbevare staskleda og til overnatting for gjester.

Folkloristen Svale Solheim meiner at tradisjonen om gardvorden gjekk i oppløysing særleg med utskiftinga i andre halvdel av 1800-talet, da dei fleirbølte gardane vart utflytt til nye tun med nye hus.

Gardvorden høyrer helst heime i vestnorsk tradisjon. På Austlandet heiter det tilsvarande husvettet nissen, tomten eller tuftekallen, og førestillingane om han er påverka av kontinentale straumdrag frå Tyskland og Danmark.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Solheim, Svale : «Gardvorden og senga hans», i Maal og minne 1951, side 143-158. Les på nb.no

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg