Fuss er det tyske namnet på den eldre lengdeeininga fot. Einingsverdien varierte mykje frå distrikt til distrikt.

Faktaboks

Uttale
fos
Etymologi
tysk ‘fot’

Lengda av éin fuss var normalt mellom 28 og 32 cm, men i ekstreme tilfelle kunne ho vere ned til 25 cm og opp til 34 cm. Etter at metersystemet blei innført i Frankrike i 1793, vart einingsverdiane til fuss definerte i forhold til meter, og nokre stader vart han justert, for å få ein einingsverdi som var eit heilt tal centimeter.

Tyskland gjekk inn i Meterkonvensjonen i 1875, og meteren vart den legale lengdeeininga, gjekk bruken av fuss gradvis tilbake, men han forsvann ikkje heilt. Spreidd bruk av fuss finst framleis, til dømes innan sjø- og luftfart.

Einingsverdien som blir i dag brukt er den same som éin engelsk foot, som etter internasjonal avtale er fastsett til eksakt 30,48 cm.

Døme på eldre lokale einingsverdiar av fuss:

  • 1 rhinsk fuss = 31,4 cm
  • 1 prøyssisk fuss = 31,4 cm
  • 1 saksisk fuss = 28,3 cm
  • 1 bayersk fuss = 29,2 cm
  • 1 Hamburg-fuss = 28,7 cm
  • 1 Hannover-fuss = 29,2 cm
  • 1 Wien-fuss = 31,6 cm
  • 1 Sveits-fuss = 30 cm

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg