Frost er temperatur lågare enn 0 °C. Ordet frost blir vanlegvis brukt i samband med tilstanden på bakken, vegetasjonen og i lufta rett ovanfor.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt frost

Bakkefrost som mellom anna fører til rim i graset og skadar på vegetasjonen, kan opptre sjølv om temperaturen i ca. 2 m (standardhøgd for meteorologiske målingar) ikkje går under frysepunktet. Dette opptrer helst i vindstille, klart vêr ved lita eller inga solstråling. Då blir bakken avkjølt ved netto strålingstap og den varmare lufta ovanfor blir ikkje blanda med det kalde sjiktet ved bakken.

Registrering

Bakkefrost blir registrert ved hjelp av gras-minimumstermometer. I samband med meteorologisk statistikk refererer frost seg til standard temperaturmålingar som gjerne går føre seg i ventilerte termometerbur (engelsk screen frost).

Hyppigheit i Noreg

Det normale talet på døgn med frost per år, det vil seia minimumstemperatur lågare enn 0 °C, er:

  • ytre kyststrok frå Jæren til Møre: litt under 50 døgn
  • ytre kyststrok frå Møre til Lofoten: mellom ca. 50 og ca. 100 døgn
  • i indre og høgare strok av Sør-Noreg: ca. 200 døgn
  • i indre Finnmark: nærare 250 døgn
  • på dei høge fjelltoppane: over 300 døgn

Skadefrost

Skadefrost i vegetasjonssesongen finst helst i klart og stille vêr, gjerne etter tilførsel av kald luft frå nord. Mest utsett er flate moar og søkk i terrenget, medan skrånande flater og lokale småhøgder er mindre utsette. Skadar kan motverkast ved hjelp av røyklegging som hindrar utstråling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)

skreiv Rolf Ingebrigtsen

Hei.Man hører at etter perioder med frost og derav tele i jorda vil telen ved omslag til mildvær øke ytterlig, eller "slå ned" som det sies.Hvis dette er riktig hva er årsaken til dette?Mvh.Rolf ingebrigtsen

svarte Svein Askheim

Årsaken ligger i treghet og varmekapasitet. Vi merker det samme innomhus at det tar lang tid å varme opp ei hytte som har stått tom ei tid. Vann og fuktighet har høy varmekapasitet og holder dermed godt på varmen, og tilsvarende tar det litt tid å varme opp bakken når tela har satt seg.mvh Svein

skreiv Ardi Tahiraj

Hei.
Hvordan kan man unngå at det kommer frost på ferskentrærne under blomstrings perioden? Eventuelt hva slags metoder kan bli brukt for å unngå frost/skader på planter?

svarte Jostein Mamen

Hei,
Lenka nedenfor er til en fagbok av Kåre Utaaker. Her står det noen råd om vern mot frost, men du kan sikkert spørre ansatte på et hagesenter eller en botaniker. Lykke til!
https://www.nb.no/items/235afe6f20da8198e2aabd8245fb99b2?page=161
Vennlig hilsen Jostein Mamen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg