Forsoning er i kristendommen det å gjenopprette eit brote og øydelagt samfunn mellom guddommen og mennesket. Det er grunnleggjande for forsoningstanken at mennesket er medvite om si personlege skuld overfor guddommen.

Faktaboks

Uttale
forsˈoning

I Det nye testamentet

I Det nye testamentet finst omgrepet forsoning berre i breva til Paulus: Gjennom sjølvhevding og ulydnad mot skaparen er menneska komne i fiendskap med Gud, og er difor utleverte til død og dom (Romarbrevet kapittel 5, vers 10; kapittel 11, vers 15). Ein eigenart i den paulinske tenkinga er idéen om at mennesket ikkje kan gjera noko for å forsone seg med Gud. Forsoninga blir sett i verk av den uskuldige parten, det vil seia at Gud, i si fullkomne makt og kjærleik, set forsoninga i verk, ved å gje son sin som sonoffer for menneska (2. Korintarbrevet kapittel 5, vers 18–19; Romarbrevet kapittel 5, vers 10). Tanken om forsoning som ein måte å formilde Gud på finst ikkje.

Den radikale forandringa i forholdet mellom Gud og menneska inneber utsletting av skuld og fridom frå synda, døden og den guddommelege vreiden si makt, altså ein ny eksistens (Romarbrevet kapittel 5, vers 9–10; kapittel 8, vers 2; 2. Korintarbrevet kapittel 5, vers 17). Forsoning gjeld heile verda og dreier seg altså om ein kosmisk fred som blir tilboden menneskeheita (Andre Korintarbrevet kapittel 5, vers 19–20; Kolossarbrevet kapittel 1, vers 20; Efesarbrevet kapittel 1, vers 10; kapittel 2, vers 12 og vidare), men realisert i trua til kyrkjelyden og liv i lydnad mot skaparen og teneste for menneskeheita.

Forsoningsteoriar

All kristen forkynning og teologi gjennom tidene hevdar at forholdet mellom Gud og menneskeheita er radikalt forandra ved Kristus, og har difor stilt tanken om forsoning i sentrum. Det finst likevel store skilnader i tolkinga av Kristus-hendinga. Me kan skilja mellom tre ulike forsoningsteoriar, som alle viser til tankar frå Det nye testamentet:

  1. Den subjektive forsoningsteorien legg til grunn at forsoninga er Guds verk, og menneskeheita er objekt for forsoninga. Gjennom Kristi død blir Guds suverene og sjølvoppofrande kjærleik manifestert, og Kristus er Guds representant overfor menneskeheita, men me må la oss forsone med Gud for at forsoninga skal bli effektiv. Som konsekvent teologisk teori vart han utforma av Pierre Abélard på 1100-talet.
  2. Den objektive forsoningsteorien ser Gud som objekt for forsoninga. Kristus oppfyller dei av Guds krav som menneskeheita ikkje har oppfylt, og ber ved si liding og død den avløysande straffa og dommen over menneskeheita, som gjer at Guds rettferd «blir tilfredsstilt» (satisfaksjon). Som konsekvent teologisk teori er han utforma av Anselm av Canterbury på 1000-talet og sidan av gamal-luthersk ortodoksi.
  3. Forsoninga har òg vore eit viktig tema i kristen liturgi og salmedikting gjennom det meste av kyrkja si historie, mellom anna i Martin Luther sine salmar. Her har det vore lagt vekt på Kristi siger i oppstoda, etter kampen mot synd, død og djevel, og skiljet mellom ei subjektiv og ei objektiv forsoningslære har ikkje vore lagt vekt på.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg