Songdans, ei danseform Hulda Garborg etablerte i Noreg i 1902 ved å setja steg og tak frå færøydansen til norske folkeviser. Både ho og andre brukte også ordet folkevisedans, men songdans feste seg som fagordet.

Faktaboks

Også kjend som

folkevisedans

Historikk

Ideen bak var at folkevisene, også kalla mellomalder-balladar, hadde vore brukt å dansa til i mellomalderen, og at denne dansen berre hadde overlevt på Færøyane. No ville Hulda Garborg få visene i bruk att i sin opphavlege funksjon som danseviser; ballade betyr nettopp dansevise.

Songdansen breidde seg veldig fort til ungdomslaga rundt i landet, og han har i hovudsak vore brukt i Noregs Ungdomslag, som framleis driv fagarbeidet for han.

Dei første tiåra spreidde ideen om songdans seg til Sverige, Finland, Danmark og Tyskland. Nokre av Hulda Garborg sine viser og dansemåtar blei omsette og tekne opp der, men det blei også tatt opp viser frå kvart land, dansemåtar vart laga og små samlingar blei publiserte.

Dansen

Songdansen blir vanlegvis dansa i ein rund ring. Alle syng gjerne med heile tida, og til verset eller til ein hovuddel av teksten dansar ein då ein av dei norske variantane av færøysteget, folkevisesteg, kvilesteg eller attersteg. I omkvedet kjem det så eit brigde, det vil seia ei forandring, der ein kanskje brukar andre steg, kanskje deler ein seg opp i par og brukar element frå bygdedansar, runddansar eller turdansar eller kanskje noko anna.

Songdansen er ein unison dans, det vil seia at alle dansarane eller para gjer det same på same tid, og det høyrer bestemte rørsler til alle delar av songen.

Folkevisedans har visse likskapsdrag med dei franske lyriske songdansane frå mellomalderen, med greske kordansar frå klassisk tid og med kjededansar frå Søraust-Europa og Midtausten i levande folkeleg tradisjon. Det finst likevel ingen sikre haldepunkt for ein påstand om at desse likskapane er uttrykk for ein historisk samanheng.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg