Kajakkpadling
Frå ikring 1970 har mykje av undervisninga ved norske folkehøgskular vore retta mot aktivitetar som teater, musikk, dans, forming, filosofi og friluftsliv.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Folkehøgskule er eit nordisk skuleslag med utgangspunkt i tankane til den danske diktarpresten N.F.S. Grundtvig (1783–1872). Skulane er sjølvstyrte og kan ha ulike særpreg, men alle er opptekne av å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar.

Idealistiske teologar og pedagogar skipa frå midt på 1800-talet folkehøgskular som viktige opplysnings- og oppvekkingsmiljø – særleg for bygdeungdom. Formidling av teoretisk kunnskap og praktisk dugleik har stått sentralt, men i nær tilknyting til personleg mogning og utvikling av «det heile mennesket». Elevinternata har vore og er framleis ein viktig del av det pedagogiske opplegget og sosialiseringa i folkehøgskulen.

I Noreg vart den første skulen skipa av ihuga grundtvigianarar i 1864. Ti år seinare oppretta styresmaktene amtsskular som ei motvekt, og frå slutten av 1800-talet fekk rørsla konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart dei tre skuletypane samla under ei sams lov, og frå ca. 1970 har alle brukt folkehøgskule-namnet.

Folkehøgskulen har ein fri og uavhengig plass i det norske utdanningssystemet. Han blir styrt etter ei eiga lov, folkehøgskulelova av 2002. Dei fleste folkehøgskular har ei nedre aldersgrense på 18 år, men nokre tek òg inn søkjarar som er 16 år.

Dansk opphav

Første folkehøgskulen

Grundtvig ville bort frå leksepugg og eksamensstrev til engasjerte foredrag og samtalar om sentrale livsspørsmål. På hans initiativ kom den aller første folkehøgskulen i gang i Rødding i Nord-Slesvig i Danmark i 1844. Christen Kold (1816–1870) gjorde mykje for å setje Grundtvigs idear ut i livet. Han starta høgskule i Ryslinge i 1851, og i undervisninga la han særleg vekt på historie, heimleg litteratur og folkesong.

Folkehøgskular i Norden

Folkehøgskulen har hatt ei særeiga utvikling i kvart av dei nordiske landa. Folkehøgskulane i Danmark byrja som private skular, den første i 1844 ved Rødding i Sønderjylland. I 1864 flytta til skulen til Askov under namnet Askov Højskole, som fekk ei leiande rolle mellom dei nordiske folkehøgskulane. Gjennom dei skandinaviske møta i 1850- og 1860-åra vart den danske folkehøgskulen kjend i Sverige. Frå 1868 vart folkehøgskular i Sverige starta av folkehøgskuleforeiningar eller län. I Finland kom interessa for folkehøgskulen saman med utvidinga av det lokale sjølvstyret i 1860-åra og det nasjonale straumdraget mot slutten av 1800-talet. I 1889 kom den finskspråklege folkehøgskulen i Kangasala og den første svenskspråklege i Borgå.

I dag finst det folkehøgskular i Danmark, Finland, Noreg, Sverige, Færøyane, Åland og Grønland. Det har òg vore folkehøgskular på Island. Folkehøgskulerørsla var først og fremst eit nordisk fenomen, men det finst òg skular som liknar på den nordiske folkehøgskulemodellen, i andre land.

Dei første folkehøgskulane i Noreg

Sagatun folkehøgskule
Sagatun folkehøgskule, bilete frå ca. 1880–1885. Hermann Anker med dottera Ida i forgrunnen. Sagatun på Hamar var den første norske folkehøgskulen, skipa av Hermann Anker og Olaus Arvesen i 1864.
Av /Anno Domkirkeodden.

Den første norske folkehøgskulen vart skipa av Hermann Anker (1839–1896) og Olaus Arvesen (1830–1917) i 1864. Det var Sagatun på Hamar.

Til liks med skiparane av Sagatun var også Christopher Bruun (1839–1920) ein teolog som var inspirert av Grundtvig og dei danske folkehøgskulane. I 1867 starta han folkehøgskule i Gudbrandsdalen (frå 1871 i Gausdal og frå 1875 med namnet Vonheim). Christopher Bruun var prega av stort livsalvor, og skulen hans verka vekkjande både kristeleg, nasjonalt og politisk. Framhevinga av bondekulturen og det særnorske skilde Vonheim frå Sagatun.

Fleire folkehøgskular vart starta i åra rundt 1870. I 1868 kom det i gang ein på Halsnøy i Sunnhordland og ein i Stjørdalen, og året etter tok Vilhelm Poulsen og Johannes Helleland til med folkehøgskule på Lofthus i Hardanger. Skulen i Trøndelag var ambulerande fram til han vart fast etablert på Sund i Inderøy i 1900.

Prestesonen, teologen og politikaren Jakob Sverdrup (1845–99) var skeptisk til grundtvigianismen, og han fekk støtte frå sentrale kyrkjemenn til å starte ein meir «norsk» og ikkje minst tydelegare «luthersk» folkehøgskule. Den skulen starta opp i Sogndal frå nyttår 1871, men i praksis kom han ikkje til å skilje seg så mykje frå dei andre som utgangspunktet skulle tilseie. Sogndal Folkehøgskule er den einaste av desse tidlege skulane som har vore i samanhengande drift i same kommunen frå pionertida og til i dag.

Amtsskular og ungdomsskular

I 1875 vedtok Stortinget å opprette høgare offentlege skular i kvart amt (fylke). Det var tenkt som eit mottiltak til dei grundtvigske skulane. Dei sistnemnde vart kritiserte frå kyrkjeleg hald for kristendomssynet, men også frå akademisk hald for den pedagogiske forma, og generelt frå konservativt hald når ein såg at dei utvikla seg i radikal retning politisk.

I praksis kom amtsskulane til å likne på folkehøgskulane ved at ein las moderne litteratur og la vekt på det humane. Mange av lærarane kom då også frå dei ikring tretti folkehøgskulane som var i gang frå eitt til nokre få år i 1870-, 80- og 90-åra.

I 1888 fekk Viggo Ullmann (1848–1910) tilskot frå staten til å drive eit friseminar (privat lærarutdanning) ved sida av folkehøgskulen sin i Seljord. Tilhengarar av ei meir pietistisk kristendomsform reagerte med å skipe både eit nytt seminar og ein ungdomsskule i Telemark.

Asbjørn Knutsen(1842–1917), som i 1893 fekk i gang den første kristelege ungdomsskulen, bygde på skuletankar frå eldre haugianarar så vel som på Christopher Bruuns Folkelige Grundtanker. Skulen hans vart meir kristeleg vekkjande, meir arbeidslivsretta og meir politisk varsam enn dei grundtvigske. Fire år etter at Knutsen tok til i Telemark (Sagavoll frå 1914), starta Johannes Brandtzæg ein tilsvarande skule på Framnes i Hardanger, og etter hundreårsskiftet kom fleire til.

Norsk folkehøgskule frå 1900 til i dag

Skuleklasse ved Vidsyn folkehøgskole på Tynset
Handverksklasse ved Vidsyn folkehøgskole på Tynset (ukjent år).

Oppslutnaden om og fagtilbodet i rørsla veksla mykje gjennom 1900-talet. Frå 1949 vart dei tre skulegreinene organiserte under ei sams lov. Amtsskulane eller fylkesskulane byrja tidleg å likne på folkehøgskulane. Etter at «ungdomsskule» vart nemninga på dei tre siste åra i grunnskulen, byrja også dei kristelege ungdomsskulane å kalle seg folkehøgskular.

Frå ikring 1970 har mykje av undervisninga vore retta mot «fritidsaktivitetar» som teater, musikk, dans, forming, filosofi og friluftsliv. Søknaden til skulane gjekk likevel ned då fylka bygde ut vidaregåande opplæring for alle ungdomar frå midt i 1970-åra. I 1997 vedtok Stortinget at eit folkehøgskuleår skal gi tre poeng ved opptak til høgare utdanning, og sidan då har rekrutteringa teke seg opp att. Frå skuleåret 2009/10 gir eit fullført folkehøgskuleår to tilleggspoeng.

Folkehøgskular i Noreg

Romerike Folkehøgskole
Interiør ved Romerike Folkehøgskole (ukjent år).
Av /Norsk Teknisk Museum .
Oppretta Eigar
Østfold
Haugetun, Rolvsøy 1912 Normisjon i Østfold
Skjeberg, Skjeberg 1876 Østfold fylkeskommune
Jeløy, Moss 1971 Frelsesarmeen
Akershus
Follo, Vestby 1876 Akershus fylkeskommune
Hurdal Verk, Hurdal 1917 Norsk Luthersk Misjonssamband
Romerike, Jessheim 1876 Akershus fylkeskommune
Holtekilen, Stabekk 1958 Det Norske Baptistsamfunn
Oslo
Rønningen, Oslo 1969 Norges KFUK/KFUM
Hedmark
Bjerkely, Arneberg 1918 Stiftelse tilknyttet Normisjon
Elverum, Elverum 1928 Peer Væringsaasens Nationalfond
Arbeiderbevegelsens, Ringsaker 1939 Landsorganisasjonen i Norge
Solbakken, Skarnes 1946 Det Norske Totalavholdsselskap
Hedmarktoppen, Hamar 1970 Pinsebevegelsen i Norge
Toneheim, Ridabu 1970 Toneheim høgskolelag
Oppland
Ringebu, Ringebu 1876 Stiftelsen Ringebu Folkehøgskule; drives av Oppland fylke
Toten, Lena 1882 Oppland fylkeskommune
Valdres, Leira 1899 Valdres folkehøgskule AS
Vestoppland, Brandbu 1906 Vestoppland Folkehøgskole A/L
Viken, Gjøvik 1901 Stiftelsen Viken Folkehøgskole
Nansenskolen, Lillehammer 1938 Selveiende institusjon
Buskerud
Danvik, Drammen 1913 Selvstendig stiftelse opprettet av Vestfold og Buskerud kretser KFUK/KFUM og Normisjon
Buskerud, Darbu 1909 Buskerud Høgskolelag
Hallingdal, Gol 1959 Hallingdal Høgskulelag
Numedal/Idrettsskolen, Rollag 1918 Rollag kommune
Ringerike, Hønefoss 1876 Buskerud fylkeskommune
Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve, Ål, Hallingdal 1974 Stiftelsen Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve
Vestfold
Stavern (tidligere Fredtun), Stavern 1921 Den Evangelisk Lutherske Frikirke
Nestor, Melsomvik 1979 Stiftelsen Nestor Seniorutvikling
Sandefjord (tidligere Skiringssal), Sandefjord 1876 Vestfold fylkeskommune
Telemark
Grenland, Eidanger 1920 Selveiende institusjon
Sagavoll, Gvarv 1893 Selveiende institusjon
Seljord, Seljord 1971 Stiftinga Seljord folkehøgskule
Aust-Agder
Risøy, Gjeving 1936 Stiftelsen Risøy Folkehøyskole
Birkeland, Birkeland 1912 Normisjon, Indremisjonsforbundet, KFUK/KFUM
Vest-Agder
Agder, Søgne 1918 Agder Høgskolelag
Rogaland
Lundheim, Moi 1952 Stiftelsen Lundheim folkehøgskole
Solborg, Stavanger 1913 Normisjon
Jæren, Kleppe 1899 Stiftelsen Jæren folkehøgskule
Karmøy, Kopervik 1906 Stiftelsen Karmøy Folkehøgskule
Hordaland
Fana, Store Milde 1915 Nord- og Midthordland Høgskulelag
Hardanger, Lofthus 1869, 1912 Hardanger Høgskulelag
Nordhordland, Frekhaug 1914 Nordhordland Indremisjon
Olavskulen, Finnås 1983 Stiftinga Olavskulen Bømlo Folkehøgskule
Sunnhordland, Halsnøy kloster 1868, 1914 Sunnhordland Høgskulelag
Voss, Voss 1895 Stiftelsen Voss Folkehøgskule
Manger, Manger 1877, 1921 Hordaland fylkeskommune
Åsane, Bergen 1966 IOGT i Norge
Sogn og Fjordane
Fjordane, Nordfjordeid 1876 Eigarlaget for Fjordane Folkehøgskule
Nordfjord, Sandane 1923 Sogn og Fjordane region av Normisjon
Sogndal, Sogndal 1871 Sogn Høgskulelag
Sunnfjord, Førde 1902 Normisjon
Møre og Romsdal
Møre, Ørsta 1899 Stiftelsen Møre Folkehøgskule
Borgund, Hatleholen, Ålesund 1914 Sunnmøre Indremisjon
Nordmøre, Surnadal 1920 Nordmøre Folkehøgskulelag
Høgtun, Torvikbukt 1917 Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Normisjon region Møre, Nordmøre krets av Misjonssambandet
Rauma, Molde 1917 Nordmøre og Romsdal Indremisjon
Sunnmøre, Ulsteinvik 1908 Norges KFUK/KFUM og Møre og Romsdal krets av Norges KFUK/KFUM
Sør-Trøndelag
Fosen, Rissa 1876 Fosen Folkehøgskolelag
Fredly, Børsa 1899 Stiftelsen Fredly Folkehøgskole
Trøndertun, Gimse 1919 Gauldal Høgskulelag
Rødde, Melhus 1920 Norsk Luthersk Misjonssamband
Torshus, Fannrem 1903 Stiftelse
Peder Morset, Selbustrand 1975 Peder Morset Stiftelse
Nord-Trøndelag
Bakketun, Verdal 1915 Stiftelsen Bakketun folkehøgskole, Normisjon
Namdals, Grong 1884 Namdalskommunene, Naumdøla Mållag, Naumdøla Ungdomslag, Namdals høgskolelag
Skogn, Skogn 1904 Sør-Inntrøndelag Høgskolelag
Sund, Inderøy 1868, 1926 Selveiende institusjon
Nordland
Vefsn, Mosjøen 1899 Hålogaland Ungdomslag
Lofoten, Kabelvåg 1901 Lofoten folkehøgskolelag
Sandvik, Mosjøen 1974 Pinsebevegelsen i Norge
Nordnorsk Pensjonistskole, Sømna 1991 Stiftelsen Nordnorsk Pensjonistskole
Troms
Folkehøgskolen 69° Nord, Mortenhals 1988 Balsfjord kommune, initiativgruppe, Den Norske Kirke, elevene og ansatte, rektor
Soltun, Evenskjer 1974 Metodistkirken i Norge
Trondarnes Frilynte, Harstad 1919 Stiftelsen Trondarnes Frilynte Folkehøgskolelag
Finnmark
Pasvik, Svanvik 1876, 1970 Finnmark fylkeskommune
Øytun, Alta 1916, 1970 Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Akerlie, Olav (2001): Frilynt folkehøgskole 1864–2001. Oslo: Norsk folkehøgskolelag
  • Bondevik, Kjell (1971): Sogndal Folkehøgskule i 100 år : 1871-1971. Leikanger: Sogndal Folkehøgskule
  • Fostervoll, Kaare (red.) (1964): Mot rikare mål. Den norske folkehøgskolen 1864-1964. Oslo: Noregs Boklag
  • Mikkelsen, Arild, red. (2005): Livslyst og skolelyst. Norsk Folkehøgskolelag 100 år. Oslo: Cappelen
  • Slapgard, Bjarne (1950): Hardanger folkehøgskule : Ullensvang. Lofthus: Hardanger folkehøgskule
  • Torjusson, Aslak (1977): Den norske folkehøgskulen: opphav og grunnlag. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Vaage, Ragnvald, Sandvik, Sigurd og Myklebust, Thor red. (1964): Sunnhordland folkehøgskule : 1914-1964. Stord: Sunnhordland folkehøgskule

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg