Hollywood (skriften i fjellet)

Filmindustrien i USA har stor påvirkning. Hollywood er et oppnavn på den amerikanske filmindustrien, og betegner storproduksjon av (stort sett) underholdningsfilmer for verdensmarkedet.

Av /NTB Scanpix ※.
Kinomaskinister
Tidligere ble filmer vist ved at filmruller ble projisert, men nå er kinoer i stor grad digitale. I Norge ble det gjennomført en nasjonal digitalisering av kinoene i 2011.
Av /Oslo Museum/ Digitalt Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Veiviseren (1987)

Norsk filmbransje produserer mellom 20 og 30 filmer for kino per år, et høyere antall enn noen gang før, og svært høyt i forhold til folketallet sammenlignet med mange andre land. Mikkel Gaup i en dramatisk scene fra Veiviseren (nordsamisk tittel Ofelaš, 1987), regi Nils Gaup.

Veiviseren (1987)
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Film er ei form for kunst eller underhaldning som brukar bevegelege bilete og lyd for å fortelje ei historie eller formidle ein bodskap.

Det finst mange typar filmar og mange ulike sjangrar. Nokre vanlege måtar å kategorisere film på:

Ordet «film»

Ordet film kjem frå den tynne, bøyelege strimmelen av lysfølsomt materiale som først vart brukt til å gjere opptak av bilete. I dag kallar me dette filmrullar. Seinare vart film brukt om teknikken der fotografiske enkeltbilete vart vist i rask rekkefølgje, med den effekten at det ser ut som bileta bevegar seg. Filmar vart vist på kinoar der framvisarar projiserte filmbilete på lerret.

I dag brukar me ordet film i ei utvida tyding om verk med bevegelege bilete, uavhengig av om filmen er digital eller spela inn på fysiske filmrullar, og uavhengig av om filmen blir vist på kino, TV, eller andre typar skjermar.

Historie

Det er det franske brødreparet Louis og Auguste Lumière som er kjent som oppfinnarane av kinofilmen, og framvisninga av ti eigenproduserte kortfilmar 28. desember 1895 blir rekna som den første kinoframvisninga. Denne nyvinninga bygde på teknologi og teknikk knytt til fotografi, projeksjon og optiske illusjonar. Det var fleire i samtida som konkurrerte med brødrene Lumière om å vera først ute.

Dei første tiåra av filmhistoria var prega av utforsking og eksperimentering. Talet produksjonar var relativt høgt, produksjonane var korte og det var stor variasjon i innhald. Det tok tid å utvikle dei kategoriane og sjangerane me i dag brukar for å sortere mellom ulike typar film. Det var i denne perioden ein òg etablerte dei fleste arbeidsbeskrivelsane for filmarbeidarar, til dømes filmregissør, filmfotograf, produsent og klippar.

Etterkvart som samfunn, marknadar og teknologi utvikla seg har filmproduksjonen og industrien tilpassa seg. I tillegg til kinoane gjorde nye visningsflater seg gjeldande, som fjernsynet utover frå 1950-talet, heimevideo-formatet utover 1980-talet, og internett fram mot 2000-talet, og dette har påverka både form og innhald.

Med den digitale utviklinga sidan slutten av 1990-talet har det å produsere og distribuere film på mange vis blitt meir tilgjengeleg: det er vanleg å ha tilgang på teknologi til å spela inn eigne filmar, og med internett er det mogleg å nå veldig langt med lite midlar.

Teknikk

Det er vanleg å dele dei ulike tekniske elementa av ein film inn i:

  • kinematografi (bilete og kamerabruk, lyssetting og fargebruk)
  • lyd (musikk, dialog og lydeffektar)
  • produksjonsdesign (scenografi, kostymedesign, hår og sminke)
  • manus og historieforteljing (plot, tema, struktur og dialog)
  • skodespel (metode og karakterutvikling)
  • regi (regissørens visjon, skodespelarinstruksjon, og koordinering av dei ulike kreative delane)
  • redigering (klippeteknikkar, tempo og forteljarstruktur)
  • spesialeffektar (fysiskeke og digitale effektar)

Dei ulike teknikkane blir brukt alt ettersom kva slags film det er.

Sjanger

Ein kan dele filmar med sentrale felles kjenneteikn inn i sjangrar. Sjangeromgrepet seier noko om fellestrekk i form, innhald eller funksjon. Til dømes har skrekkfilmar det til felles at dei er meint å vekke uhygge og redsle hjå publikum. Sjangrar utviklar seg over tid, og éin film kan passe inn under fleire sjangeromgrep.

Omgrepet sjangerfilm har opphav i anglo-amerikansk filmproduksjon og blir gjerne brukt om kommersielt retta filmar som ein enkelt kan plassere innom ein definert sjanger. Ein typisk sjangerfilm kan vera enklare å marknadsføre enn filmar som ein ikkje like enkelt kan plassere innom ein sjanger. Det er fordi ein tydeleg sjangerfilm gjer at publikum kan ha klare forventningar til ein film ut frå korleis tidlegare filmar innom same sjanger er.

Filmindustri

I dag er filmproduksjon ein viktig del av kulturindustrien i mange land. På den globale marknaden er det framleis USA og Hollywood som dominerer når det kjem til kommersielle suksessar og teknisk innovasjon. Målt i talet produksjonar er det India og Bollywood som er størst. Bollywoodproduksjonar er gjerne kjenneteikna av storslåtte musikalnummer. Nigeriansk filmindustri, kalla Nollywood, dominerer produksjonen på det Afrikanske kontinentet, og har fleire år større produksjon enn Hollywood. Nollywood-filmar er kjent for drivande historiefortelling.

I Europa utpeikar filmindustriane i Storbritannia, Frankrike, Italia, Tyskland og Russland seg på ulike måtar, men gjerne som ein kontrast til den store mengda sjangerfilm frå Hollywood.

Film i Noreg

Den første offentlege kinoframvisninga i Noreg var 6. april 1896. Det var den tyske filmskaparen Max Skladanowsky som viste eit program sett saman av korte filmsnuttar. Det tok ikkje lang tid før ein byrja å produsere eigne filmar i Noreg.

I 1913 kom den første kinolova, som regulerte kinodrifta og i med bakgrunn i lova vart Statens Filmkontroll etablert med ansvar for sensur.

Sidan tidleg på 2000-talet har det vore ei målretta politisk satsing om å auke talet norske filmproduksjonar og auke kinobesøket til norske filmar. Norske produksjonar får statleg finansiering fyrst og fremst gjennom Norsk Filminstitutt og regionale filmsenter og -fond. Noreg har òg ein strategi om å vera attraktivt for utanlandske produksjonar.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arntzen, Knut Olav m.fl., red.: Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon, 1991, isbn 82-574-0907-3
  • Bordwell, David & Kristin Thompson: Film art : an introduction, 8th ed., 2008, isbn 978-0-07-353506-7
  • Braaten, Lars Thomas m.fl.: Introduksjon til film : historie, teori og analyse, 3. utg., 2000, isbn 82-417-1053-4
  • Cook, Pam, red.: The cinema book, 3rd ed., 2007, isbn 9781844571925
  • Giannetti, Louis: Understanding movies, 11th ed., 2008, isbn 978-0-13-233699-4
  • Nowell-Smith, Geoffrey, red.: The Oxford history of world cinema, 1996, isbn 0-19-874242-8
  • Thompson, Kristin & David Bordwell: Film history : an introduction, 2nd ed., 2003, isbn 0-07-038429-0
  • Waldekranz, Rune: Så föddes filmen : ett massmediums uppkomst och genombrott, 1976, isbn 91-1-753211-6
  • Waldekranz, Rune: Filmens historia, 1985-95, 3 b.

Kommentarar (1)

skreiv Roger Pihl

Hei, fikk følgende innspill til min artikkel om film ifbm foto/stillbilder, men det hører hjemme i dette fagområdet:

Artikkelen om film sier ingenting om utviklingen av film på kino. Når kom den første fargefilmen på kino og når ble fargefilm på kino vanlig? Søk på fargefilm på nettet førte til oppslaget om Harald Renbjør på Wikipedia, det later til at dette var en norsk pioner innen fargefilm, men han er ikke omtalt i snl til tross for sin betydning

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg