Fandangoen av  Pierre Chasselat ca 1810
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Fandango er ein norsk selskapsdans, seinare folkedans av kontradansslekta, med namn lånt frå ein spansk dans.

Faktaboks

Uttale
fandˈango

Den spanske dansen er kjend frå tidleg på 1700-talet i tredelt takt, og spreidde seg til mange delar av verda. Den store mengda av kontradansar som spreidde seg over Europa på 1700- og 1800 fekk alle moglege slags individuelle namn. Det er nok berre namnet fandango og ikkje forma som den norske kontradansen hadde då han kom i bruk i Noreg først på 1800-talet. Det er ein engelsk kontradans i rekkeoppstilling, men med par i begge rekkene. Musikken har to vek i todelt takt og ei vek vals og svarar til ein omgang av dansen, og dansen blir gjerne dansa i mange omgangar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakka, Egil, 'Innleiing. Turdansen i Folkedansarbeidet', in Semb,Klara: Norske Folkedansar. Turdansar(Oslo: Noregs boklag, 1991), pp. 17-58.
  • Goldberg, K. M. and Antoni Pizà, The Global Reach of the Fandango in Music, Song and Dance: Spaniards, Indians, Africans and Gypsies (Cambridge Scholars Publishing, 2017)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg