Trollveggen
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Trollveggen er ein fjellvegg i Trolltindane i Romsdalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Trollveggen ligg i Reinheimen nasjonalpark.

Trollveggen har eit loddrett stup på rundt 1000 meter, noko som er det høgaste loddrette stupet i Europa. Totalt ligg toppen rundt 1700 meter over botnen av dalen. Fjellmassivet heng 50 meter utover veggen frå Trolltindeggen, som er ein del av Trollryggen (1788 meter over havet) i Trolltindane.

Fjellsport

Trollveggen er mykje brukt til fjellklatring og basehopping.

Trollveggen blei erobra første gong i 1965 av eit norsk og eit britisk klatrelag. Klatringa tok nesten to veker. Sidan er han klatra etter fleire ruter, sommar som vinter. Frå 1980 er det også gjort ei rekkje fallskjermhopp utfor Trollveggen, men fleire dødsulukker førte til at fallskjermhopping var forbode i åra 1986–2000. Den første klatraren som mista livet, var i 1966, medan den første basehopparen som omkom, var pioneren Carl Boenish i 1984.

Trollveggen Besøkssenter

Trollveggen Besøkssenter

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Trollveggen Besøkssenter er eit spektakulært bygg som ligg under Trollveggen. Senteret opna sommaren 2012 og inneheld eit auditorium der den dramatiske historia til Trollveggen blir vist i ein 14 minutt lang film. I tillegg finst det kafeteria, suvenirbutikk og ei utsiktsplattform mot Trollveggen. Senteret er kåra til eit av dei ti vakraste i verda av det amerikanske tidsskriftet Architectural Digest. Design-restauranten er teikna av Reiulf Ramstad Arkitekter. Signalbygget er ein spektakulær velkomstportal til Fjord-Noreg med utsikt opp til Trollveggen.

Sommaren 2013 blei det reist ein minnestein over dei ti klatrarane og ni basehopparane som har mista livet i Trollveggen.

Kart

Trollveggen
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg