Elementærpartiklar er dei aller minste, udelelege partiklane i naturen. Alt stoff (all materie) er bygd opp av elementærpartiklar. Den mest kjente elementærpartikkelen er elektronet. Eit atom inneheld eitt eller fleire elektron som bevegar seg rundt ein atomkjerne. Elektrona er bundne til kjernen med elektromagnetiske krefter.
Atomkjernen er sett saman av kjernepartiklar, kalla proton og nøytron. Tidligare trudde ein at protonet og nøytronet var elementære, men i 1970-åra fann ein ut at dei var sett saman av mindre partiklar, kalla kvarkar. Ein kvark er like elementær som eit elektron. Sterk vekselverknad bind kvarkane saman til kjernepartiklar, medan kreftene mellom kjernepartiklane, kjernekrefter, er avleda frå sterk vekselverknad (sjå artikkelen om elementærpartikkelfysikk).
Mange partikkelfysikarar har spekulert på om dei minste partiklane me kjenner til no, inneheld endå mindre partiklar. Spesielt har ein lurt på om higgsbosonet er sett saman av mindre delar. Men det finst ikkje (per 2020) observasjonar som tyder på dette.
Kommentarar (4)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
Hvorfor er ikke baryoner del av lista over elementærpartikler?
svarte Jostein Riiser Kristiansen
Hei, og takk for innspill! Baryoner er en type hadroner, som allerede er i lista. Fagansvarlig har lagt til et par setninger til om baryoner i teksten. Hilsen Jostein i leksikonredaksjonen.
skreiv Jørgen G. Bosoni
Hei, sjekk dei to siste linene i illustrasjonen: «What do you want to do ?
New mailCopy»
svarte Jostein Riiser Kristiansen
Takk! Det er fiksa.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.