Einer med bærkongler. Dei grøne er året biletet blei teke, og dei blå er frå året før.
Einebær
Einerbæret er ei bærkongle som er danna av tre kongleskjell som har vakse saman. Første og andre sommaren er det grønt, men ved modninga den følgjande vinteren får det eit blått overtrekk av utskilt voks.
Einebær
Av /Shutterstock.
Gin

Gin er eit brennevin som er framstilt av reinsa, nøytral sprit og aromatisert med einebær og andre botaniske droger som koriander, skal av sitrusfrukter og anis.

Gin
Av /Shutterstock.
Eineren kan utvikle seg til temmeleg store tre. Men slike er forholdsvis sjeldne i skogslandskapet og bør derfor ikkje bli hogde.
Einerlåg

Einerlåg vart i mykje bruka tidlegare til rensing av bl.a. trefat. Men den rensande verknaden er ikkje dokumentert.

Einer. Treprofil, kvist og bærkongler (einerbær).

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Einer er ei planteslekt i sypressfamilien.

Faktaboks

Uttale

junˈiperus

Også kjend som

brake, brisk, bruse, eine, ener

Vitskapeleg namn
Juniperus
Beskriven av
Carl von Linné

Einerslekta består av 75 artar tre og buskar som veks på den nordlege halvkula. I Nord-Europa finst berre éin art, vanleg einer, Juniperus communis. Vanleg einer har to underarter i Noreg, bakkeeiner Juniper communis subsp. communis og fjelleiner Juniperus communis subsp. nana. Fjelleineren er ein liten og krypande underart som veks i fjellskog og i lågfjellet. Han har langsgåande, mjuke og korte nåler.

Eineren er eit hardført treslag som vi finn over heile landet, frå havnivå og heilt opp til 1840 meter i Lom. Eineren har vore nytta på svært mange måtar i mellom anna mat, drikke, medisin og trevirke.

Einer har fleire lokale navn. På Austlandet bir han ofte kalla brisk eller bresk. På Vestlandet brakje eller brake.

Utbreiing

Grøne bær
Einerbæra treng to år på å bli modne. Det første året har dei ein grønfarge.
Grøne bær
Kystlandskap
Ute ved kysten kan vi finne vi store lyngheier med røsslyng og einer
Kystlandskap
Hardfør
Eineren er svært hardfør og veks heilt opp i snaufjellet

Vanleg einer, Juniperus communis, har størst utbreiing av alle bartreJorda. I Noreg er arten vanleg i skogen og på tørre bakkar til langt opp i fjellet. Ein sommarvarme på berre 5,3 grader er nok for at eieneren klarer å forynge seg. Men einer kan til liks med gran også forynge seg vegetativt. Kvistar som går ned mot marka får røter, og frå desse veks det opp nye einerskot. Denne foryngingsmåten er særleg viktig i fjellskog, oppe i fjellet og i Nord-Noreg.

Eineren klarer seg også godt mot stormkast. Han har som furua pælerot, men ho går ofte skeivt ned i jorda og er tjukk og knudrete.

10—12 meter høge tre er kjende fleire stader i Noreg. Den høgaste eineren som er registrert i Skandinavia, er den 17,5 meter høge Glenne-eineren i Idd. Glenne-eineren velta under ein storm i 2014. Eineren kan bli svært gammal, i Nord-Finland er det funne eit eksemplar som var 1070 år gammalt. Treslaget kan kanskje bli opp mot 2000 år. Eineren har vore rekna som eit viktig treslag for jordforbetring, og kan derfor vere til nytte for andre treslag og vekstar. Innslag av einer i skoglandskapet kan derfor ha både ein god til økologisk verknad og ein positiv effekt for skogbruksproduksjonen.

I middelhavslanda veks fleire artar med små, skjelforma blad, ikkje spisse nåler. Hit høyrer sevenbom, Juniperus sabina og middelhavseiner, Juniperus oxycedrus. Den nordamerikanske arten, virginianaeiner, Juniperus virginiana, har også skjelforma blad.

Eineren kan vekse som ein busk eller eit tre med sylspisse nåler som sit i tretalige kransar på kvisten. Eineren er særbu, det vil seia at han har eigne hann- og hotre.

Eineren er lyskrevjande og trivst best på tørr, fast og kalkhaldig sandjord i område med mykje nedbør og fuktig luft. Vi finn ofte einer i beitelandskap der husdyra sørger for å beite ned andre vekstar, men dei fleste held seg unna einer. Dermed får eineren gode vekstvilkår med mykje lys. På beiteområde der beiting blir avslutta får vi kontinuerleg tilgroing slik at eineren mistar lystilgangen. Etter kvart kan da treslaget dø heilt ut her. I 1975 vart det oppretta ein nasjonalpark i Ungarn der eit skogkledt område vart totalfreda mot beite. Eineren var ein viktig del av verneformålet. Men i 1990 var eineren på tilbakegang på grunn av attgroinga medandre vekstar, og det var inga forynging av einer.

På optimale veksestader er det registrert einer med høgde opptil 19 meter og en diameter i brysthøgde på heile 1,5 meter. Men eineren veks også på svært mange andre stader, som er langt frå optimale for treslaget. På tørre område med minimalt jorddekke, på vindutsette stader langt oppe i fjellet, og heilt ut mot kysten.

Einerbæra som vi kallar dei, er eigentleg ikkje bær i botanisk forstand, men ei kongle danna av tre samanvaksne skjel. Det ser vi tydeleg på bæra, med tre «striper» som kan likne ein kross. Desse krossliknande stripene har gitt opphav til ein del overtru gjennom tidene. Folk meinte at stripene var ein kross som Kristus hadde sett på.

Einerbæra brukar to år på å bli modne. Første året er dei grøne, året etter får dei modne bæra eit blått overtrekk av voks.

Svært motstandsdyktig trevirke

Også eineren kan få overvintringsskadar

Med sine spisse nåler er eineren lite tilnærmeleg. Men nokre husdyr kan beite på einer, og utanom beiteområda kan vi ofte finne einer som er beita av elg.

Gjennom mange generasjonar har også nordmenn dratt nytte av eineren sine mange eigenskapar. Sjølve trevirket har ei heilt spesiell duft, ei blanding av krydder og parfyme, som minner om kamfer. Det er dei eteriske oljene i eineren som sørger for dufta. Desse oljene gir samtidig trevirket eit svært godt vern mot ròtesoppar. Før impregneringsteknikken kom, var derfor einer eit vanleg treslag til bruk som gjerdestolpar. I tillegg vart det bruka ein teknikk som går heilt attende til vikingetida: Den delen av gjerdestolpane som skulle slåast ned i jorda vart forsiktig forkola over eit bål. Kombinasjonen av eit forkola ytre lag og einerstolpanes naturlege impregnering gjorde stolpane svært motstandsdyktige mot ròte.Som teknisk gjerdeløysing har einer mellom anna vorte brukt i det som blir kalla spilagard eller pinnagard. I spilagarden blir einer montert vertikalt med så liten avstand at dyra ikkje kjem igjennom, og heller ikkje kan sette fast hovudet mellom spilene. Dessutan skal det vere ein så stor opning mot bakken slik at det er mogleg å slå graset rett under gjerdet.

For å få feste for spilene blir det montert tre vassrette troer mellom staurane, og så blir spilene fletta mellom troene. Tidlegare vart troene festa med vidjespenningar, ofte av einer, men bjørk og andre lauvtreslag vart også brukte. Dei eteriske oljene beskyttar også levande einer mot angrep av ròtesoppar. Det gjer at treslaget kan bli svært gammalt. I 1979 vart det hogd ein einer i Trysil som var minst 1008 år gammal. Det er all grunn til å stille spørsmål ved korleis nokon kunne finne på å hogge ned eit så gammalt tre. Men det skjedde.

Yteveden er lys, medan kjerneveden er gråbrun med litt raudskjær, finfibra og svært tettvaksen og jamn. Eigenvekta ved 15 prosent fukt er cirka 0,64 gram per kubikkcentimeter. Krympinga er middels. Veden tørkar langsamt og med berre ein liten tendens til sprekkar.

Einer gir ganske sterkt virke. Det er bøyeleg, men utan særleg spenst. Treet gir berre små dimensjonar, men haldbarheita er svært god, og den særeigne lukta gjer det resistent mot insekt. Treet er lett å tilarbeide.

På Vestlandet brukte ein tidlegare einerkvister som endeveggar på uthus. Ein slik kledning dekker godt mot snø og regn, men gir samtidig god gjennomlufting i bygget. Konstruksjonen er derfor godt eigna for lagring av høy og ved. Slike einerkledningar kan vare i 50—100 år.

Desinfiserande og reinsande verknad?

Tidlegare var det vanleg med slakting før jul. Skinker og anna kjøtt skulle saltast ned i store trefat, og det var særdeles viktig med stor grad av reinslegheit. Da vart det koka einerlåg, også kalla breskelåg. Vatn vart koka saman med store mengder einerkvister. Deretter helte ein alt over i trefata med etterfølgande grundig skrubbing og skyljing. Dette hadde vore vanleg reinsemetode over ein svært lang tidsperiode for å desinfisere trefat. I nyare tid har det vorte stilt spørsmål ved om einerkvister med nåler eigentleg verkar desinfiserande. Eit forsøk på daverande Norges Landbrukshøgskole testa den desinfiserande verknaden på ein del bakteriar, men såg ingen effekt. Samtidig understreka forskarane at testane var svært avgrensa.

I gamle dagar var det også skikk å strø hakka einerbar på nyskura golv, spesielt i fjellbygdene og på setrane. Avkok av einer var også vanleg til hårvask.

Allsidig bruk til mat og drikke

Modne enerbær.
Når einerbærene er modne får de en blå farge.
Modne enerbær.
Treak.
Treak er fortidas godteri som framleis blir produsert og selt. Einerbæra blir koka med fløyte og sukker. Det karamellaktige produktet kan bli forma til små stenger før sal.

Einerbær blir først og fremst brukt i viltsausar, men er også veleigna til anna kjøtt og i posteiar og patear. I Sør-Tyskland blir einerbær brukt til å setje smak på sauerkraut, og kan også brukast i vår heimlege surkål. Bæra har kraftig smak og bør brukast med ei viss varsemd.

Einerbær kan også brukast i søte sausar til is og dessertar. I store mengder kan einerbær vere skadeleg for nyrene.

Før godterihyllene i butikkane «eksploderte» med freistande, sukkerhaldige tilbod måtte ein ty til naturen sine produkt. Eitt svært populært godteri var treak, eit produkt som no blir laga av einebær, sukker og fløyte. Treak vart ofte laga på setrene, og kan framleis kjøpast, mellom anna i Hemsedal.

Norsk etnologisk gransking på Bygdø i Oslo har samla inn historier og erfaringar om bær og bærplukking. Ein mann født i 1880 i Vestre Slidre skreiv: «Det einaste av bær som vart sanka i støre mun var briskebære som ein kokte briske-treak av. Det var mykje brukt før. (Bære den blaa som vaar Herre Krist satte krøssen på). Det var mange som drog til fjells seint um hausten for aa plukke briskebær og koke treak. Eg har sjølv vore med paa det mange gonger. Det er sikkert ein gamal skikk. Brisketreaken var god for mange ting. Og så var den so framifrå god. Det har og vore kokt og laga til treakskaft til salg på krambua.»

Einerkvister og einerbær er også svært godt eigna til røyking både av kjøtt og fisk. Og einerbær har i lang tid vorte brukt både som smakstilsetning til brennevin og til brygging av øl. Både i gin og sjenever er einerbær ei hovudsmakstilsetning, og begge drikkene har fått namn som er avleidde frå det latinske plantenamnet Juniperus.

Fortidas medisin

I folkemedisinen brukte ein einerbær mot mageverk, tannverk og ureint blod, og folk bada i einelog mot feber og gikt. Einer blanda med olje eller tjøre vart brukt mot utslett og sår. Einerbork var godt mot ormebit. I toppen av kvistene har einer ofte gallar. Dei er framkalla av einergallmygg, og består av tre oppsvulma nåler. Slike gallar har vore brukte i folkemedisinen, og blir kalla klumsekorn eller tauvrebær.

Einer har altså vorte brukt som medisin mot mange sjukdommar og plager. Og einerprodukt var til sals i apoteka fram til 1963. Men kva for helsemessig effekt har einer og einerbær? For mange bærslag og treslag finst det tradisjonsbruk i mange helsemessige samanhengar. Men vi bør nok vere både skeptisk og audmjuk i forbindelse med dette. Skeptisk fordi bær og andre produkt både frå einer og andre vekster neppe har alle verknader som dei har vore brukt mot gjennom tidene. Audmjuk fordi dagens forskarar neppe har avdekt alle dei forskjellige plantenes og treslagas verknader på menneskekroppen.

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin, NAFKAM, held til i Tromsø og er underlagt UiT Norges arktiske universitet. NAFKAM bidreg med informasjon om, mellom anna, eventuelle dokumenterte helseverknader av bær og andre vekster. Men dei har ingen informasjon om positive verknader av einerbær eller einer.

Hausting

Einerbær bør plukkast seinhaustes i tørt vêr. Nålene til eineren er temmeleg spisse og det kan derfor vere aktuelt å beskytte seg med solide klede og kanskje tynne hanskar. På busker med mykje bær drysser bæra lett fra buska. Eit gammalt sankeråd er å legge eit laken eller liknande under buska, og så riste lett slik at bæra fell ned. På somme einerbusker sit bæra så tett at dei også kan haustast med bærplukkar. Et anna sankeråd er å bruke gummihanskar og sette sankebøtta under kvister med mykje bær. Ein gnir med hendene langs kvistene slik at bæra fell ned i bøtta. Bærfangsten må grovreinskast før tørking. Fjern alle bær med raudbrun farge. Tørking må skje ved låg temperatur slik at ikke safta renn ut. I godt ventilert steikeomn kan bæra tørkast ved temperatur opp til 40 grader i 5—8 timar.

Alternativt kan bæra leggast i eit fat i vinduskarmen for soltørking. Rør litt i bærmassen av og til. Det går 1—2 veker før bæra er harde og tørre. Bæra bør oppbevarast tørt og mørkt i behalder med tett lokk. Når eksempelvis viltsaus med einerbær skal lagast knuser ein bæra i ein mortar.

Einerkvister med friske nåler kan brukast mot smågnagarar. Viss ein har problem med mus som kjem inn gjennom ei eller fleire småsprekker på hytte eller uthus, kan einerkvister være eit hjelpemiddel. Frå gammalt av vart kvistene brukte som tettemiddel, da mus har problem med å presse seg forbi dei spisse nålene.

Trevirket

Yteveden er lys, medan kjerneveden er gråbrun med litt raudskjær, finfibra og svært tettvaksen og jamn. Han har ei karakteristisk, sterk kamferlukt. Egenvekten ved 15 prosent fukt er cirka 0,64 gram per kubikkcentimeter. Krympinga er middels. Veden tørkar langsamt og med berre ein liten tendens til sprekkar.

Einer gir ganske sterkt virke. Det er bøyeleg, men utan særleg spenst. Treet gir berre små dimensjonar, men haldbarheita er svært god, og den særeigne lukta gjer det resistent mot insekt. Treet er lett å tilarbeide. Basten har vore brukt til reip og matter.

Spilagarden er ein tradisjonsrik form for gjerding.

I folketrua

I folketrua har einer spelt ei større rolle enn kanskje noko anna tre. Treforma eksemplar vart mange stader rekna for heilage, og særleg fornemme personar vart brende på bål av einer. Bæra vart rekna som vernande mot vonde makter.

Einerbær var vernemiddel mot djevelen og underjordsfolk, og nokre stader fekk lamma einerbær før dei blei sleppte på fjellet om sommaren, slik at ikkje reven skulle ta dei.

Historie

Einerbær er eitt av få krydder med opphav i det kalde, nordiske klimaet. Men bæra har også vore i bruk rundt Middelhavet i tusenvis av år og er omtalte i Ebers-papyrusrullane (medisinsk dokument som handlar om urter frå Egypt i oldtida) allereie på 1500-talet før vår tidsrekning. Dei gamle egyptarane brukte einerbær mot mellom anna magesmerter og fordøyingsproblem.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Høeg, Ove Arbo (1996): Eineren i norsk natur og tradisjon, (første utgåve 1981)

Faktaboks

einer
Juniperus
Artsdatabanken-ID
103783
GBIF-ID
2684359

Kommentarar (4)

skreiv Bård Eskeland

Bruken av faktaboks med "Uttale" og "Også kjent som" er litt pussig. Her skulle man vel vente å finne uttalen av "einer" + andre norske betegnelser. Det latinske navnet fortjener kanskje en boks for seg, eller i alle fall en egen plass i boksen? Dette gjelder nok mange artikler om planter. Vennlig hilsen

svarte Erik Bolstad

Ja, vi har nokre faktaboksar som kan vere litt pussige. Vi har ein større plan om å omarbeide alle desse metadatafelta på sikt, men det vil nok ta litt tid. Det gjeld alle artiklar om flora og fauna spesielt. Takk for innspel!

skreiv Camilla Frøseth Wedul

Hei,
Denne setningen, under avsnittet Utbreiing, er litt rar ;-) :
"Men han til liks med gran også forynge seg vegetativt."

svarte Egil Ingvar Aune

Takk for at du gjorde merksam på denne feilen, blir no retta til "Men han kan til liks med gran også forynge seg vegetativt"

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg