Eimer er eit eldre tysk namn på spann, som også blei brukt som volumeining for flytande varer.

Faktaboks

Uttale
ˈaimər
Etymologi
av latin og gresk ‘krukke’

Einingsverdien varierte mykje. Ein eimer kunne liggje mellom 10 og 12 liter, eller mellom 55 og 70 liter. I Hamburg var ein eimer 29 liter.

Eimer er det same som norsk ambar eller ember, som er eit spann eller ein treholk med hank på midten av lokket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg