Dravidiske språk er ein språkfamilie med 26 språk. Nest etter dei indoariske språka er dei den største språkgruppa i India, snakka av kring 250 millionar menneske.

Dravidiske språk omfattar gamle litteraturspråk som tamil i det søraustlege India sør for Chennai (tidlegare Madras) og det nordaustlege Sri Lanka, det nærskylde malajalam i Kerala, kannada (kanaresisk) i Karnataka og telugu i Andhra Pradesh.

Av dei øvrige språka, som ikkje har nokon skriven litteratur av nemneverdig omfang, er dei viktigaste tulu nord for malajalam, gondi, kurux og malto i dei austlege delane av skogåsane i Mellom-India, og det isolerte brahui i Pakistan.

Forskingshistorie

Den første som føreslo eksistensen av ein dravidisk språkfamilie, var den engelske statstenestemannen Francis Whyte Ellis (1777–1819). I boka Dissertation on the Telugu Language (1816) la han fram materiale for å vise at tamil, telugu, kannada, malajalam, tulu, kodagu og malto utgjorde ein språkfamilie — «the dialects of South India» — som ikkje hadde noko samband med sanskrit.

I 1856 gav den skotsk-irske misjonæren Robert Caldwell (1814–1891) ut boka A Comparative Grammar of the Dravidian or South-Indian Family of Languages, der han føreslo å kalle denne språkfamilien Dravidian 'dravidisk', eit namn han konstruerte på grunnlag av sanskrit-adjektivet draaviɖa (द्राविड), som tydde 'tamilsk'.

Inndeling

Utbreiinga til dei dravidiske språka
Av .
Lisens: CC BY-SA 4.0

Dei dravidiske språka blir klassifiserte i fire undergrupper, her presenterte med talet på førstespråkstalarar for dei åtte største språka. 97 prosent av alle dravidisktalande snakkar desse åtte språka.

Sør-dravidisk

  1. tamil (tamiɻ); 78,5 millionar
  2. malajalam (malajaaɭam); 36,6 millionar
  3. irula (iruɭaa)
  4. kurumba (kur̲umba)
  5. kodagu (koɖava)
  6. toda
  7. kota
  8. badaga (baɖaga)
  9. kannada (kannaɖa); 43,7 millionar
  10. koraga
  11. tulu (tuɭu); 1,8 million

Sørsentral-dravidisk

  1. telugu; 83 millionar
  2. gondi (gooɳɖii, kooiitoor); 2,9 millionar
  3. konda (koɳɖa)
  4. kui
  5. kuvi
  6. pengo
  7. manda (manɖa)

Sentral-dravidisk

  1. kolami (kolaami)
  2. naikri (naikɽi)
  3. naiki
  4. duruwa (parji)
  5. ollari
  6. kondekor (koɳɖeekoor)

Nord-dravidisk

  1. kuṛux; 2 millionar
  2. malto (maalʈoo, pahaaɽijaa)
  3. brahui (braahuu'ii); 2,8 millionar

Språklege særdrag

Det er mange felles typologiske drag mellom dravidiske og indoariske språk, i både fonologi, morfologi og syntaks.

Fonologi

Urdravidisk er rekonstruert med fem korte og fem lange vokalar: /i e a o u ii ee aa oo uu/. Dette systemet finn ein framleis i dei fleste moderne språka. Somme språk har fått ekstra vokalar, til dømes /æː/ i tamil, malajalam, kannada og telugu, som har kome inn med engelske lånord som bank [bæŋk] 'bank'. Nokre sør-dravidiske språk, som toda, har også fått sentrale vokalar og fremre, runda vokalar. Mellom anna tamil har også utvikla nasale vokalar.

Urdravidisk hadde 17 konsonantar. Karakteristisk er det høge talet på artikulasjonsstader, berre éi rekkje med plosivar (utan skilje mellom til dømes stemt og ustemt eller uaspirert og aspirert) og den fullstendige mangelen på frikativar:

bilabial laminal-dental apikal-alveolar apikal-postalveolar palatal velar laryngal
p t ʈ c k
m n ɳ ɲ
w l ɭ j h
r ɻ

Moderne dravidiske språk har i hovudsak halde ved lag det urdravidiske systemet, men ofte har ein del ekstra konsonantar kome inn, nokre med lånord frå mellom anna sanskrit og engelsk, til dømes stemde plosivar og aspirerte plosivar og diverse frikativar.

Morfologi

Dravidiske språk er i stor grad agglutinerande, og all bøying og avleiing blir uttrykt med suffiks; jamfør bøyinga av substantivet aːna ആന 'elefant' lenger nede.

Substantiva i dravidiske språk har ulike genus, og dei blir bøygde i tal (numerus) og kasus. Genussystema varierer noko mellom ulike språk, men ein meiner det systemet som er rekonstruert for sør-dravidisk, er det urdravidiske, her illustrert med pronomen:

  1. Eintal
    1. Menneske av hankjønn: *awantu 'han (menneske)'
    2. Alt anna: *atu 'ho, det'
  2. Fleirtal
    1. Menneske: *awar 'dei (menneske)'
    2. Alt anna: *awaj 'dei (ikkje menneske)'

Nomen (substantiv, adjektiv, pronomen, determinativ) har eit skilje mellom eintal og fleirtal, som malajāḷam kuʈʈi കുട്ടി 'barn', fleirtal kuʈʈikaɭ കുട്ടികൾ 'born', med det vanlege fleirtalssuffikset -kaɭ -കൾ.

Dei kasusa som er vanlege i dravidiske språk, er nominativ, akkusativ, dativ, komitativ (instrumental-sosiativ), ablativ, lokativ og genitiv. Nominativ har ikkje nokon eigen markør, mens dei andre er uttrykte med suffiks eller postposisjonar. Substantiv har normalt ei oblik stamme som kasussuffiksa blir lagde til. Postposisjonar blir lagde til eit substantiv med kasussuffiks eller til den oblike stamma. Tabellen viser bøyinga av substantivet aana ആന 'elefant' i malajāḷam. Bindestrekane er sette inn for å vise den aggutinerande strukturen.

aːn̲a ആന 'elefant' eintal fleirtal
nominativ aana ആന aana-kaɭ ആനകൾ
vokativ aan-ee ആനേ aana-kaɭ-ee ആനകളേ
akkusativ aanaj-e ആനയെ aana-kaɭ-e ആനകളെ
dativ aanaj-kkǝ ആനയ്ക്ക് aana-kaɭ-kkǝ ആനകൾക്ക്
instrumental aanaj-aal ആനയാൽ aana-kaɭ-aal ആനകളാൽ
lokativ aanaj-il ആനയിൽ aana-kaɭ-il ആനകളിൽ
sosiativ aanaj-ooɖǝ ആനയോട് aana-kaɭ-ooɖǝ ആനകളോട്
genitiv aanaj-uɖe ആനയുടെ aana-kaɭ-uɖe ആനകളുടെ

Vokalen ǝ, som står på slutten av nokre ord, blir ikkje skriven i malajāḷam-skrifta. Det er ein ekstra kort vokal som opptrer automatisk etter nokre konsonantar. Den nøyaktige uttalen er [ɨ̆].

Verbet blir bøygt i tempus (preteritum, presens, futurum), aspekt (perfektiv, progressiv, habituell), modus, person/tal og genus. I tillegg finst det eigne suffiks for perfektum og negativ.

Syntaks

Som dei fleste andre språk i India er den nøytrale leddstillinga i dei dravidiske språk SOV (subjekt–objekt-verbal), som illustrert med denne setninga frå malajalam:

subjekt indirekte objekt direkte objekt verbal
കുട്ടി ആനയ്ക്ക് വാഴപ്പഴം നൽകി
kuʈʈi aanaj-kkǝ vaaɻappaɻam nalki
gut elefant-dativ banan gav
'Guten gav elefanten ein banan'

I nomenfrasen står hovudet (overleddet) sist, som i dette eksempelet frå malajalam:

attributt attributt hovud
talord adjektiv substantiv
മൂന്ന് വലിയ ആനകൾ
moonnǝ valija aanakaɭ
tre store elefantar
'tre store elefantar'

Skriftsystem

Desse språka blir skrivne med fleire forskjellige alfabet som er i slekt med devanagari-alfabetet, som mellom anna blir brukt for hindi. Her er namna på dei fire største språka skrivne i dei fire ulike alfabeta som desse språka brukar:

  • తెలుగు telugu
  • தமிழ் tamil
  • ಕನ್ನಡ kannaḍa
  • മലയാളം malayāḷam

I desse indiske skriftsystema blir vokalane skrivne som eit tillegg til konsonantteikna, og der konsonantteikna utan eit vokaltillegg blir uttalte med ein kort a-lyd. Nedanfor illustrert med മലയാളം malajalam (malajaaɭam):

യാ
ma la jaa ɭa m

Både മ, ല og ള er her uttalte med ein kort a-lyd etter seg, mens യ har ാ (aa) etter seg (den prikka ringen viser kvar vokaltillegget skal stå i høve til konsonantteiknet. Ein m i slutten av eit ord blir skriven med eit eige symbol, ം. For å vise at ein konsonant ikkje har ein vokal etter seg, brukar ein i dei fleste tilfelle ചന്ദ്രക്കല candrakkala – ein liten boge over konsonanten, til dømes ല് l.

Historie

Dei som talar dravidiske språk, er etterkomarar av folk som hadde ei lang historie på det indiske subkontinentet då indoarisktalande folk kom dit for om lag 3500 år sidan. Dei dravidiske språka har tidlegare hatt større utbreiing på subkontinentet, også i nordvest, der dei stort sett blei trengde tilbake av indoarisk. Framleis blir det dravidiske språket brahui tala av over 2,6 millionar menneske i Pakistan (provinsane Balotsjistan og Sindh), 200 000 i Afhanistan (provinsane Helmand og Kandahar), nærmare 24 000 i Iran og 1200 i Turkmenistan.

Fire dravidiske språk har lange litterære tradisjonar:

  • Tamil (tamiɻ). Tidlegaste dokumentasjon er holeinskrifter i brahmiskrift frå 100-talet fvt. Det første kjende verket på tamil er Tolkaappijam (også skrive Tolkāppiyam) (தொல்காப்பியம்), ei avhandling om grammatikk og poetikk som truleg blei skrive i det siste hundreåret fvt.
  • Malajalam (malajaaɭam) blei rekna som ein dialekt av tamil fram til 800-talet evt. Tidlegaste dokumentasjon er Vaaɻappaɭɭi-innskriftene frå 800-talet. Det første litterære verket er Raamacaritam (രാമചരിതം (1100-talet). På 1300-talet blei den den første malajalam-grammatikken, Liilaatilakam (ലീലാതിലകം), skriven på sanskrit.
  • Kannada (kannaɖa). Den første innskrifta er datert til 450 evt. Det første litterære verket, Kaviraaɟamarga (ಕವಿರಾಜಮಾರ್ಗ), ei avhandling om poesi, blei skriven på 800-talet. På 1200-talet kom den første større grammatikken skriven på kannada, ɕabdamaɳidarpaɳa (Śabdamaṇidarpaṇa) (ಕನ್ನಡ, ವ್ಯಾಕರಣ).
  • Telugu. Stadnamn på telugu finst i prakrit-innskrifter frå og med 100-talet evt. Den eldste innskrifta er frå kring 575 evt. Det første litterære verket, Andhra Mahaabhaaratham (ఆంధ్ర మహాభారతం), ei omsetjing av ein del av Mahabharata, skriv seg frå 1000-talet. Omsetjaren av dette verket, Nannajja (Nannayya) (నన్నయ్య), skal også vere forfattaren av den første telugu-grammatikken, Aandhraɕabdacintaamaɳi (Āndhraśabdacintāmaṇi) (आन्ध्रशब्दचिन्तमणि), skriven på sanskrit.

Dei dravidiske språka er innbyrdes ganske forskjellige. Især har brahui skilt seg sterkt ut under påverknad av iranske nabomål. Men samanhengen mellom alle dravidiske språk fonetisk, morfologisk og syntaktisk gjer det klart at vi har å gjere med éin språkfamilie.

Slektskap med andre språkfamiliar

Nokon slektskap mellom dravidiske språk og andre språkfamiliar er ikkje påvist, trass i fleire freistnader, som regel ganske uprofesjonelle og usystematiske. Mellom anna har finsk-ugrisk, ural-altaisk, tyrkisk, elamittisk, japansk og nostratisk vore trekte inn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Krishnamurti, Bhadriraju 2003: The Dravidian languages. Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg