Dråpa er den mest praktfulle typen av skaldekvad. Dråpa er ein type hyllingsdikt som gjerne blei laga til kongar, jarlar og andre hovdingar. Dei blei dikta i versemålet drottkvætt.

Faktaboks

I motsetnad til andre kvad er dråpa inndelt i avdelingar; ho har innleiing, midtparti og avslutning. Midtpartiet er delt i bolkar ved hjelp av stev eller omkved – som ikkje står etter kvar strofe, men som del av siste strofe i kvar bolk. Stevet kan også varierast på ulike måtar.

Eit slikt kvad utan omkved blir kalla flokk.

20 strofer blei visstnok rekna som minimumslengda på ei dråpe.

Dråpene kan skildra kampar og framheva dei gode eigenskapane til hovdingane, eller dei kan skildra ei gåve som skalden har fått frå hovdingen. Eit døme på eit slikt dikt er Ragnarsdråpa av Brage Boddason, der Brage skildrar scenene som er måla på skjoldet. Det finst fleire slike dikt om måla skjold, og dei blir kalla skjolddikt.

Eit anna døme på ei dråpe er Hǫfuðlausn, som Egil Skallagrimsson skal ha dikta til Eirik Blodøks for å få behalda hovudet. Dersom det verkeleg er Egil som har dikta denne dråpa, er ho det første dømet me kjenner til med runhending, enderim, i eit skaldedikt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fidjestøl, Bjarne 1982: Det norrøne fyrstediktet. Øvre Ervik: Alvheim & Eide.
  • Mundal, Else 2013: «Edda- og skaldekvad.» Odd Einar Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi. Oslo: Fagbokforlaget. 356–416.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg