Dissident er ein som tek avstand frå delar av offisiell religion eller politikk.

Faktaboks

Uttale
dissidˈent
Etymologi
engelsk, av latin ‘vere ueinig, avvike’

Frå 1960-åra til slutten av 1980-åra blei omgrepet dissident brukt om personar i sovjet-kontrollerte land i Aust-Europa som stod i open opposisjon til politikken regjeringane deira førte.

Namnet dissident har ei særleg historisk betydning. I Polen blei dissident i reformasjonstida brukt om kyrkjesamfunn som stod utanfor universaliteten til den katolske kyrkja. Konfliktane mellom den katolske kyrkja og dissidentane bidrog til oppløysinga av det polske riket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg