Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Tjukk L
Tjukk L
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Palatalisering
Palatalisering
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Sterke hokjønnsord
Sterke hokjønnsord
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Personleg pronomen, 1. person eintal
Personleg pronomen, 1. person eintal
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Personleg pronomen, 1. person fleirtal
Personleg pronomen, 1. person fleirtal
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

I Noreg finn vi mange variantar av norsk talemål som blir brukte innanfor eit geografisk område. Desse kallar vi ulike dialekter. Noreg har ikkje eit offisielt standardtalemål, og det er stor aksept for å bruke dialekt i dei aller fleste samanhengar.

Alt i yngre norrøn tid, om lag 1050–1350, var det tydelege dialektforskjellar i Noreg. Geografi er ei viktig årsak til dette. Folk som har mykje kontakt med kvarandre, får felles språkutvikling, til forskjell frå grupper av menneske som har mindre kontakt med kvarandre. Dermed kan fjell og vidder, skog og store avstandar gi oss ei viktig forklaring på kvar dialektgrensene går. Desse naturforholda var tidlegare gjerne til hinder for samferdsle og direkte kontakt.

Dialektutvikling

Dei folkelege samlingsplassane og administrative inndelingane har vore viktige for dialektvariasjonen her i Noreg. Den kyrkjelege inndelinga i mellomalderen er eit døme på ein fellesskap som er skapt av administrative grenser. Rettslege inndelingar har også spelt ei rolle for utviklinga av felles dialekttrekk i Noreg.

I dagens Noreg er det ein del dialektforskjellar som er i ferd med å bli viska ut. Dette kjem av i stor grad endringar i busetjingsmønsteret og at menneske med ulikt talemål bur i same område der dei påverkar kvarandre sosialt og språkleg. I tillegg fører ny teknologi til at folk får kontakt med fleire ulike dialekter og språkvariantar.

Dei største endringane i dagens norske dialekter finst i sjølve ordtilfanget. Ord frå det gamle arbeidslivet, til dømes frå jordbruk og industri, blir borte, medan nye ord blir trekte inn i alle dialekter for å gi namn på nye ting og omgrep, slik som pizza, display eller iPhone.

Andre endringar i dialektmønstera som har vore mykje diskuterte, er samanfall av kje- og sje-lyden, som når orda kylling og skylling begge blir til sjylling, i tillegg til utbreiinga av skarre-r på Sør- og Vestlandet.

Inndeling

Kart

Norsk. Dei viktigaste dialektskilja i Noreg.

Av /Store norske leksikon ※.
Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag), kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Vestlandet og i Nord-Noreg har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet. Dette blir kalla høgtone. På Austlandet og i Trøndelag har ein låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet. Dette blir kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Dei norske dialektene har tradisjonelt blitt delte i to grupper: austnorsk og vestnorsk. Til austnorsk har ein rekna dialektene på Austlandet og i Trøndelag, til vestnorsk dialektene på Vestlandet og i Nord-Noreg.

I nyare dialektforsking har det blitt vanlegare å skilje nordnorsk frå vestnorsk og trøndersk frå austnorsk, slik at dialektene blir delte i til saman fire hovudgrupper. Denne inndelinga blir brukt vidare i artikkelen:

  1. austnorsk
  2. vestnorsk
  3. trøndersk
  4. nordnorsk

Dei vanlegaste kriteria for inndeling av dialektene er jamvektslova og tjukk l.

Jamvektslova

Jamvektslova gjer at ord som i norrønt hadde ulik lengd i rota av tostavingsord, får ulik form i austnorske og trønderske dialekter. Dette har mellom anna ført til at austnorsk har kløyvd infinitiv; ein seier til dømes å vera og å skrive (trøndersk: vårrå og skriv). I vestnorsk blir det brukt anten a-infinitiv (å gjera) eller e-infinitiv (å gjere). I nordnorsk blir det brukt anten endinga -e eller apokope i alle infinitivar: å værr, å skriv.

Tonegang og tjukk l

I tillegg til jamvektslova er forskjellar i tonegangen (ordtonen, musikken) eit viktig skiljemerke mellom austnorske og vestnorske dialekter (nordnorsk følgjer vestnorsk). Det gjeld ord som sola, boka, senga og døra. Vestnorsk har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet (dette blir kalla høgtone-dialekter). Austnorsk har låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet (dette blir kalla lågtone-dialekter). Grensa mellom dei to tonegangane høgtone og lågtone går ved Lillesand (sjå kart).

Tonegangen i eit ord har ikkje noko å gjere med tonelag (tonem) i norsk (tonem 1 og tonem 2). Tonelag er noko som finst i det meste av norsk talemål. Tonelaget kan skilje mellom ord, jamfør ordparet bønder med tonem 1 (fleirtal av bonde), som er ulikt ordet bønner med tonem 2 (fleirtal av ei bønne).

Eit anna språkleg skilje mellom austnorsk/trøndersk og vestnorsk/nordnorsk er uttalen av l. I austnorsk og trøndersk finst den spesielle l-lyden som blir kalla tjukk l. Tjukk l blir brukt både for gammalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gammalnorsk i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to typane av tjukk l fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei det same området. Vestnorsk og det meste av Nord-Noreg har ikkje tjukk l (tjukk l finst sør i Nordland fylke).

Bymåla

Bymåla har i regelen dei same målmerka som bygdene omkring byen, men dei har større indre forskjellar enn bygdemåla.

I fleire av byane våre er det nokså vanleg å finne to talemålsvariantar. På den eine sida har vi det vi kan kalle den tradisjonelle (folkelege) bydialekta, og på den andre sida har vi det normaliserte bymålet.

Bymåla viser stor evne til å trengje inn på områda til bygdemåla, både på grunn av høgare sosial prestisje og som ei følgje av større befolkningskonsentrasjon i byane. Særleg urbaniseringa i tida etter andre verdskrigen har påskunda denne utviklinga.

Dialektene i Noreg

Agder

Akershus

Buskerud

Finnmark

Hedmark

Hordaland

Møre og Romsdal

Nord-Trøndelag

Nordland

Oppland

Oslo

Rogaland

Sogn og Fjordane

Sør-Trøndelag

Telemark

Troms

Vestfold

Østfold

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aasen, Ivar: Norsk Grammatik, 1864
  • Christiansen, Hallfrid: Norske dialekter, 1946–48
  • Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare, red.: Nordnorske dialektar, 1996
  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, 1990
  • Larsen, Amund B.: Oversigt over de norske bygdemål, 1897
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg., 1987
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høyskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, 2005
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg