Daseinanalyse er ei retning innan psykiatrien, skapt i 1930-åra av den sveitsiske psykiateren Ludwig Binswanger med utgangspunkt i eksistensialfilosofien. I motsetnad til ei psykoanalytisk tilnærming, der fortrengde drifter blir framheva som årsak til psykisk sjukdom, ser daseinanalysen sjukdommen i samanheng med den livshistoriske utviklinga til pasienten og heile hens eksistensielle situasjon. Symptoma må forståast som delfenomen av eit heile, av ein livshistorisk samanheng.

Faktaboks

Uttale
dˈa:zain-

Daseinanalysen har fått ein del utbreiing i Mellom-Europa. Dens teoretiske bakgrunn er vanskeleg tilgjengeleg. Dens praktiske terapeutiske metodikk og resultat er ikkje vesentleg ulikt frå annan psykiatrisk og psykoterapeutisk praksis.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg