Potetgull
Potetgull
Potetgull
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Potetgull eller chips er tynne skiver eller strimlar av rå poteter som er frityrsteikte i palmeolje, jordnøttolje eller ei anna vegetabilsk olje.

Faktaboks

Også kjend som

chips, potetlauv (potetløv)

Poteter som skal frityrsteikast, må ha eit lågt sukkerinnhald for å unngå bruning ved maillardreaksjon slik at dei blir brende. I Noreg er det i hovudsak potetsorten Saturna, som inneheld relativt lite sukker, som blir brukt til potetgullproduksjon.

Frityrsteikte produkt inneheld mykje feitt og har eit høgt energiinnhald. Potetgull gir rundt 2250 kJ per 100 gram, det vil seia 10 gonger meir enn vanleg kokte poteter.

Potetgull som varemerke

Potetgull
Potetgull
Av .
Potetgull
Potetgull
Av .

Potetgull-saka var ei rettssak i 2015 og 2016 som handla om retten til å bruke nemninga potetgull og om det var eit gyldig varemerke.

Maarud hadde brukt namnet Potetgull sidan 1936 for å skildre tynnskårne potetskiver som var steikte i olje og fekk dessutan registrert Potetgull som varemerke i 2009.

Orkla, som står bak Kims Potetchips, saktsøkte Maarud og hevda at potetgull var eit ugyldig varemerke sidan det er generisk (skildrande) og at det er degenerert som følgje av at ordet potetgull blir brukt i daglegtale. Orkla kravde difor at potetgull som varemerke vart kjent ugyldig og sletta.

Ved dom i Oslo tingrett vart det 30. september 2015 avgjord at varemerket Potetgull er eit ugyldig varemerke. Maarud anka dommen og 16. desember 2016 stadfesta Borgarting lagmannsrett at potetgull er eit ugyldig varemerke, fordi det er generisk (beskrivande) og manglar særpreg. Det vil seie at ordet potetgull karakteriserer ei varegruppe framfor eitt enkelt produkt. I tillegg vart det stadfesta at Orkla/Kims (og alle andre) kan bruke ordet potetgull i marknadsføringa si.

Maarud anka vidare til Høgsterett, men anken vart avvist. Dommen frå lagmannsretten vart dermed ståande.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (6)

skreiv Sverre Olav Lundal

Maarud har ikkje bestemt seg for om dei vil anka domen, så då er han vel ikkje rettskraftig enno.

svarte Mari Paus

Hei! Artikkelen er oppdatert. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen

svarte Sverre Olav Lundal

Domen frå lagmannsretten kom 16. desember. Maarud har éin månad ankefrist til Høgsterett. Er det nokon som har har høyrt at dei ikkje kjem til å anka?

svarte Mari Paus

Hei igjen! Jeg forstår, da misforstod jeg din kommentar. Legg gjerne inn et endringsforslag på artikkelen. Jeg tipser redaktøren for mat. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen.

skreiv Knut A. Rosvold

Bør det ikke også stå: - også kjent som potetløv.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg