Brerørsla blir dels forårsaka av indre deformasjon (flytrørsle), og dels av at isen sklir som ei blokk på eit skråplan. Ismassane som sig nedover i dalane, smeltar så mykje om sommaren at brefrontane vil halde seg i om lag same posisjon år etter år. Ved store utslag i klimavariasjonen, som kraftige snøfall om vinteren eller stor smelting om sommaren, vil likevel volumet av breen (og dermed utbreiinga) endre seg. Når klimaet etter kvart blir normalisert, vil brefrontane stabilisere seg i dei nye posisjonane.
Rørsla liknar den ein finn i ei elv. Men farten er svært liten; han er størst i midten, minst langs sidene, og større i overflata enn langs botnen. Størst fart har ein funne ved dei store isstraumane på Grønland, der isen flyttar seg opptil 30 meter i døgnet. Den største farten som er målt i Noreg, 1,25 meter i døgnet, er målt på Engabreen, som er ein utløpar av Svartisen. Vanlegvis er farten monaleg mindre, berre nokre få centimeter i døgnet.
Nokre brear, spesielt i polarstrøka, aukar ofte farten sin svært raskt, og kan komme opp i over 100 meter i døgnet. Desse breane blir då karakteriserte som framstøytbrear. Framstøytane, som også blir kalla surges (av engelsk 'bølgjer'), kan gå føre seg i opptil eit par år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.