Bråtebrenning i Vinje i Telemark
Bråtebrenning i Vinje i Telemark på 1940-talet.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Bråtebrenning er ein gamal måte å rydda jord på. I våre dagar blir omgrepet brukt om brenning av skogavfall på rydningsland og tørt gras, tørre kvister og anna hageavfall.

Faktaboks

Også kjend som

svebrenning, svedjebruk, svibruk

Bråtebrannen er eit sikkert vårteikn, som ei opprydding etter vinteren. Det er vanlegvis forbod mot å gjera opp eld i skog og mark frå 15. april til 15. september. Utanom denne perioden kan kommunar og fylke forby all bruk av open eld på grunn av gras- og skogbrannfare. Slike forbod er påskynda av fleire alvorlege skogbrannar dei seinare åra.

Jordrydding

I skogbygder blei bråtebrenning heilt til 1850-åra mykje brukt i samband med dyrking av rug. Bråtelandet valde ein i det tettaste og frodigaste granholtet på tørr mark. Midtsommars blei all skog felt og trea kvista. Neste sommar sette ein eld på. Trestammane brann ikkje heilt opp; dei tynnaste tok ein til gjerde omkring bråten, dei største stokkane blei brukte til ved (sotved). Medan oska enno var varm, sådde ein rugen. Dersom det kom ei god regnskur, trongst ikkje meir arbeid. Heldt derimot tørrvêret seg, kara ein rugen ned i oska. Bråterugen «bola» (buska) seg svært, så det blei mange rugstrå av eitt frøkorn. Den tredje sommaren blei rugen skoren. Seinare blei bråten brukt til slåttemark og hamnehage. Særleg før potetdyrking blei vanleg, blei det også avla neper i bråtane.

Før og no

Det første ein kjenner til om bråtebrenning frå Noreg, er frå Jämtland på 1400-talet. I byrjinga av 1600-talet førte innflytte finnar bråtebrenning med seg til grensebygdene i Hedmark, Finnskogen (rugfinnar).

I Afrika og delar av Sør-Amerika er denne forma for jordbruk framleis i bruk. Den skaper problem både med tanke på ørkenspreiing i Afrika og bevaring av dei store regnskogområda i Sør-Amerika.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg