Norges biskopar i 2011
Biskopane i Noreg samla under vigsla av biskop Helga Haugland Byfuglien som preses 10. februar 2011. Byfuglien blei den første kvinnelege leiaren for bispekollegiet i Den norske kyrkja.
Norges biskopar i 2011
Av /NTB Scanpix.
Rosemarie Köhn
Rosemarie Köhn etter bispeordinasjonen sin i Hamar i 1993. Köhn var den første kvinnelege biskopen i Den norske kyrkja og den andre kvinnelege biskopen i den lutherske kyrkja på verdsbasis.
Rosemarie Köhn
Av /NTB Scanpix.
Andreas Grimelund
Andreas Grimelund, biskop i Nidaros frå 1861.

Ein biskop er den øvste kyrkjelege leiaren i eit bispedømme. Bispeembetet er felles for ei rekkje større kyrkjesamfunn. Den norske kyrkja har tolv biskopar (2022). Bispemøtet, som består av alle tenestegjerande biskopar, blir leia av preses (leiande biskop), som sidan 2011 er knytt til eit eige bispeembete.

Faktaboks

Uttale
bˈiskop
Etymologi
av gresk episkopos, ‘tilsynsmann, inspektør’

Framveksten av bispeembetet i den tidlege kyrkja

I Det nye testamentet blir biskop ofte omtalt ved sida av presbyter (gresk «eldste»; Apostelgjerningane, kapittel 20, vers 17 og vers 28; Paulus' brev til Titus, kapittel 1, vers 5 og 7, jamfør Paulus' brev til filipparane, kapittel 1, vers 1; Paulus første brev til Timoteus kapittel 3, vers 1 og vidare). Om desse namna gjeld det same embetet, eller om biskopar er ei anna gruppe embetsmenn enn presbyterar, er omstridt. Det varte likevel ikkje lenge før det monarkiske episkopatet utvikla seg i kyrkja, det vil seie ei forfatningsform der kvar kyrkjelyd blir styrt av éin biskop.

I Ignatius' brev frå byrjinga av 100-talet er det vitnesbyrd om dei tre embeta (biskopar, presbyterar og diakonar) som ei fast kyrkjeleg ordning. Kampen mot gnostikarar og vranglærarar bidrog ytterlegare til å styrkje makta til bispestillinga. I alle fall frå slutten av 100-talet fekk biskopen av Roma ei særstilling som etter kvart førte til at han som pave gjorde krav på å bli anerkjend som overhovud for heile kyrkja.

Den katolske kyrkja

Oppfatninga til den katolske kyrkja går ut på at biskopane er etterfølgjarane av apostlane, som gjennom den apostoliske suksesjonen har fått Den heilage andens nådegåve. Handlingar som berre ein biskop kan utføre, er ordinasjon, konfirmasjon, tillaging av den heilage salven, vigsle av res sacrae, til dømes kyrkjevigsle, vigsle av abbedar og abbedisser og salving av kongar. Biskopen utøver den kyrkjelege regjeringsmyndigheita og har doms- og dispensasjonsrett i kyrkjelege saker i bispedømmet sitt.

Biskopane fører ærestittelen reverendissimus («høgstærverdige»). Dei pliktar å bu i bispedømmet og å sende rapporteringar til pavestolen. Utnemninga av biskopar har i den romersk-katolske kyrkja ført til mykje strid mellom kyrkje og stat. I dag er bispeutnemningar stort sett ei kyrkjeleg sak.

Dei evangeliske kyrkjesamfunna

Ved reformasjonen blei bispeembetet utsett for kraftig kritikk. Likevel blei det behalde også i mange evangeliske kyrkjer. Etter 1918 er bispeembetet etter kvart gjeninnført i dei fleste tyske landskyrkjer. I England og Sverige blei den apostoliske suksesjonen, i form av biskoppeleg ordinasjonskontinuitet, bevart ved vigsla av dei første evangeliske biskopane. I Danmark og Noreg blei denne broten då dei første evangeliske biskopane (først kalla superintendentar) blei ordinerte i 1537 av reformatoren Johannes Bugenhagen, som ikkje sjølv var bispevigd. I dei norsk-lutherske kyrkjesamfunna i Amerika er ikkje tittelen biskop behalden, og det tilsvarande embetet blir styrt av ein president som er vald til dette.

Noreg

Biskopane i Den norske kyrkja blir tilsette av Kyrkjerådet etter eit rådgivande bispeval. Ein biskop blir innsett i tenesta si ved ei eiga vigslehandling, bispevigsle. Ei av dei viktigaste oppgåvene til biskopane i Den norske kyrkja er å føre tilsyn med livet og læra til prestane, mellom anna ved å gjennomføre bispevisitas i kvart sokn minst kvart åttande år.

Biskopane vigslar kyrkjer og ordinerer nye prestar. Dei medverkar òg ved tilsetjing av prestar, og dei er rådgivarar for prestane og dei kyrkjelege organa innanfor bispedømmet. Biskopane er òg medlemmer av Kyrkjemøtet. Sidan 1917 har bispemøte vore ein fast institusjon.

Embetsteikn

Embetsteikna til biskopar i den katolske kyrkja er bispelua og brystkorset. Desse blir overrekte til biskopen ved bispevigsla. I tillegg ber biskopen bispering og bispestav. Av dei evangeliske kyrkjene bruker den anglikanske kyrkja alle desse verdigheitsteikna, medan dei svenske biskopane ber mitra, korkåpe, brystkors og bispestav. Dei norske biskopane har berre brystkors (innført i 1815) og korkåpe.

Biskopar i Noreg etter reformasjonen

Oslo bispedømme

Peder Hersleb
Peder Hersleb, biskop i Oslo i 1731–1737. Konfirmasjon blei innført i Christiania i hans tid.
Av /Frederiksborg.
Jens Frølich Tandberg
Jens Frølich Tandberg, biskop i Oslo 1912-1922.
Av /Statsarkivet i Kristiansand.
Lisens: CC BY NC 2.0

Oppretta rundt 1075. Frå 1537 til 1864 også med Hamar, fram til 1948 også med Tunsberg, fram til 1969 også med Borg. Bispesete i Oslo.

Innsetjingsår Namn Leveår
1541 Hans Rev rundt 1480–1545
1545 Anders Madssøn død 1548
1548 Frants Claussøn Berg rundt 1500–1591
1580 Jens Nilssøn 1538–1600
1601 Anders Bendssøn Dal 1550–1607
1607 Niels Claussøn Senning død 1617
1617 Niels Simonssøn Glostrup rundt 1585–1639
1639 Oluf Boesen 1583–1646
1646 Henning E. Stockfleth død 1664
1664 Hans Rosing 1625–1699
1699 Hans Munch 1654–1712
1713 Bartholomæus Deichman 1671–1731
1730 Peder Hersleb 1689–1757
1738 Niels Dorph 1681–1758
1758 Frederik Nannestad 1696–1774
1773 Christen Schmidt 1727–1804
1805 Fredrik Julius Bech 1758–1822
1823 Christian Sørensen 1765–1845
1846 Jens Lauritz Arup 1793–1874
1875 Carl P. Parelius Essendrop 1818–1893
1893 Fredrik W. K. Bugge 1838–1896
1896 Anton Chr. Bang 1840–1913
1912 Jens Frølich Tandberg 1852–1922
1922 Johan Lunde 1866–1938
1937 Eivind Berggrav 1884–1959
1951 Johannes Smemo 1898–1973
1968 Fridtjov Birkeli 1906–1983
1972 Kaare Støylen 1909–1989
1977 Andreas Aarflot fødd 1928
1998 Gunnar Stålsett fødd 1935
2005 Ole Chr. Kvarme fødd 1948
2017 Kari Veiteberg fødd 1961

Borg bispedømme

Oppretta i 1969. Bispesete i Fredrikstad.

Innsetjingsår Namn Leveår
1969 Per Lønning 1928–2016
1976 Andreas Aarflot fødd 1928
1978 Gunnar O. Lislerud 1921–1998
1990 Even Fougner 1933–2002
1998 Ole Christian Mælen Kvarme fødd 1948
2005 Helga Haugland Byfuglien fødd 1951
2012 Atle Sommerfeldt fødd 1951
2022 Kari Mangrud Alvsvåg fødd 1970

Hamar bispedømme

Oppretta i 1152/1153. Oppretta på nytt i 1864. Bispesete i Hamar.

Innsetjingsår Namn Leveår
1864 Halvor O. Folkestad 1807–1889
1887 Arnoldus Marius Hille 1829–1919
1906 Christen Brun 1846–1917
1917 Otto Jensen 1856–1918
1918 Gustav J. F. Dietrichson 1855–1922
1922 Mikkel Bjønness-Jacobsen 1863–1941
1934 Henrik Hille 1881–1946
1947 Kristian Schjelderup den yngre 1894–1980
1964 Alex Johnson 1910–1989
1974 Georg Hille 1923-2023
1993 Rosemarie Köhn 1939–2022
2006 Solveig Fiske fødd 1952
2023 Ole Kristian Bonden fødd 1970

Tunsberg bispedømme

Oppretta i 1949. Bispesete i Tønsberg.

Innsetjingsår Namn Leveår
1948 Bjarne Skard 1896–1961
1961 Dagfinn Hauge 1908–2007
1978 Håkon E. Andersen 1925–2012
1991 Sigurd Osberg fødd 1933
2002 Laila Riksaasen Dahl fødd 1947
2014 Per Arne Dahl fødd 1950
2018 Jan Otto Myrseth fødd 1957

Agder og Telemark bispedømme

Før 1682 Stavanger bispedømme, til 1925 med Stavanger. Bispesete i Kristiansand.

Innsetjingsår Namn Leveår
1541 Jon Guttormssøn død 1576
1558 Jens Gregerssøn Riber 1470–1571
1571 Jørgen Erikssøn 1535–1604
1605 Laurids Scavenius (Skabo) 1562–1626
1627 Thomas Cortsøn Wegener 1588–1654
1655 Marcus Christensen Humble 1601–1661
1661 Christian Madssøn Tausan død 1680
1680 Jacob Jenssøn Jersin 1633–1694
1694 Hans Munch 1654–1712
1699 Ludvig Stoud 1649–1705
1705 Jens Bircherod 1664–1720
1720 Christopher Nyrop 1680–1733
1733 Jacob Kærup 1682–1751
1751 Rasmus Paludan 1702–1759
1759 Jens Christian Spidberg 1684–1762
1762 Ole Tidemand 1710–1778
1778 Eiler Hagerup den yngre 1718–1789
1789 Hans Heinrich Tybring 1732–1798
1798 Peder Hansen (Fyn 1804) 1746–1810
1804 Jens Bloch (Viborg 1805) 1763–1830
1805 Johan Michael Keyser 1749–1810
1811 Christian Sørensen 1765–1845
1832 Johan Storm Munch 1778–1832
1832 Mathias Sigwardt 1770–1840
1841 Jacob von der Lippe 1797–1878
1874 Jørgen Engebretsen Moe 1813–1882
1882 Johan Jørgen Tandberg 1816–1884
1885 Jacob Sverdrup Smitt 1835–1889
1889 Johan Christian Heuch 1838–1904
1904 Gunvald C. Bernhard Thorkildsen 1845–1908
1908 Kristian V. Koren Schjelderup den eldre 1853–1913
1913 Bernt Andreas Støylen 1858–1937
1930 James Maroni 1873–1957
1946 Johannes Smemo 1898–1973
1951 Johannes Smidt 1887–1973
1957 Kaare Støylen 1909–1989
1973 Erling G. Utnem 1920–2006
1983 Halvor Bergan 1931–2015
1998 Olav Skjevesland 1942–2019
2012 Stein Reinertsen fødd 1960

Stavanger bispedømme

Oppretta cirka 1125. Oppretta på nytt i 1925. Bispesete i Stavanger.

Innsetjingsår Namn Leveår
1925 Jacob Christian Petersen 1870–1964
1940 Gabriel Skagestad 1879–1952
1949 Karl Marthinussen 1890–1965
1960 Fridtjov Birkeli 1906–1983
1968 Olav Hagesæther 1909–1999
1977 Sigurd Lunde 1916–2006
1985 Bjørn Bue 1934–1997
1997 Ernst O. Baasland fødd 1945
2009 Erling Pettersen fødd 1950
2017 Ivar Braut fødd 1956
2019 Anne Lise Ådnøy fødd 1957

Bjørgvin bispedømme

Oppretta rundt 1070. Bispesete i Bergen.

Innsetjingsår Namn Leveår
1537 Geble Pederssøn rundt 1490–1557
1557 Jens Pedersen Skjelderup rundt 1510–1582
1583 Anders Foss 1543–1607
1607 Anders Mikkelsen Colding 1560–1615
1616 Nils Paaske 1568–1636
1636 Ludvig Hanssøn Munthe 1593–1649
1649 Jens Pedersen Skjelderup 1604–1665
1665 Nils Enevoldsen Randulff 1630–1711
1711 Nils Pederssøn Smed 1655–1716
1716 Clemens Schmidt 1671–1723
1723 Marcus Müller 1684–1731
1731 Oluf Cosmussen Bornemann 1683–1747
1747 (Ole Tidemand konstituert) 1710–1778
1747 Erik L. Pontoppidan den yngre 1698–1764
1757 Ole Tidemand 1710–1778
1762 Frederik Arentz 1699–1779
1774 Eiler Hagerup den yngre 1718–1789
1778 Søren Friedlieb 1717–1779
1779 Ole Irgens 1724–1803
1804 Johan Nordahl Brun 1745–1816
1816 Claus Pavels 1769–1822
1822 Jacob Neumann 1772–1848
1848 Peder Chr. H. Kjerschow 1786–1866
1858 Jens Math. Pram Kaurin 1804–1863
1864 Peter H. Graah Birkeland 1807–1896
1881 Fredrik Waldemar Hvoslef 1825–1906
1898 Jakob Liv Rosted Sverdrup 1845–1899
1899 Johan Willoch Erichsen 1842–1916
1916 Peter Hognestad 1866–1931
1932 Andreas Fleischer 1878–1957
1948 Ragnvald Indrebø 1891–1984
1961 Per Juvkam 1907–2003
1977 Thor With 1918–1997
1987 Per Lønning 1928–2016
1994 Ole D. Hagesæther fødd 1941
2009 Halvor Nordhaug fødd 1953
2023 Ragnhild Jepsen fødd 1969

Møre bispedømme

Oppretta i 1983. Bispesete i Molde.

Innsetjing Namn Leveår
1983 Ole Nordhaug 1925–2021
1991 Odd Bondevik 1941–2014
2008 Ingeborg Midttømme fødd 1961

Nidaros bispedømme

Oppretta rundt 1075. Til 1804 med Hålogaland. Bispesete i Trondheim.

Innsetjingsår Namn Leveår
1546 Torbjørn Olavssøn Bratt død 1548
1549 Hans Gaas rundt 1500–1578
1578 Hans Mogenssøn 1524–1595
1596 Isack Grønbeck 1564–1617
1618 Anders Arrebo 1587–1637
1622 Peder Jenssøn Skjelderup 1571–1646
1643 Erik Bredal 1607–1672
1672 Arnold de Fine 1614–1672
1673 Erik Pontoppidan den eldre 1616–1678
1678 Christopher H. Schletter 1629–1688
1689 Peder Krog 1654–1731
1731 Eiler Hagerup den eldre 1685–1743
1743 Ludvig Harboe 1709–1783
1748 Frederik Nannestad 1696–1774
1758 Johan Ernst Gunnerus 1718–1773
1773 Marcus Fredrik Bang 1711–1789
1788 Johan Chr. Schønheyder 1742–1803
1804 Peter Olivarius Bugge 1764–1849
1843 Hans Riddervold 1795–1876
1849 Hans Jørgen Darre 1803–1874
1861 Andreas Grimelund 1812–1896
1884 Niels Jacob Laache 1831–1892
1892 Johannes Nilsson Skaar 1828–1904
1905 Vilhelm Andreas Wexelsen 1849–1909
1909 Peter W. Kreydahl Bøckman 1851–1926
1923 Jens Gran Gleditsch 1860–1931
1928 Johan Støren 1871–1956
1945 Arne Fjellbu 1890–1962
1960 Tord Godal 1909–2002
1979 Kristen Kyrre Bremer 1925–2013
1991 Finn Wagle fødd 1941
2008 Tor Singsaas fødd 1948
2017 Herborg Finnset fødd 1961

Hålogaland bispedømme

Oppretta i 1804, delt i 1952. Bispesete i Tromsø.

Innsetjingsår Namn Leveår
1804 Matthias Bonsach Krogh 1754–1828
1830 Peder Chr. H. Kjerschow 1786–1866
1849 Daniel Bremer Juell 1808–1855
1855 Knut Gislesen 1801–1860
1861 Carl P. Parelius Essendrop 1818–1893
1868 Fredrik Waldemar Hvoslef 1825–1906
1876 Jacob Sverdrup Smitt 1835–1889
1885 Johannes Nilsson Skaar 1828–1904
1893 Peter W. Kreydahl Bøckman 1851–1926
1910 Gustav J. F. Dietrichson 1855–1922
1918 Johan Nicolai Støren 1871–1956
1928 Eivind Josef Berggrav 1884–1959
1937 Sigurd Johan Normann 1879–1939
1940 Wollert Krohn-Hansen 1889–1973

Sør-Hålogaland bispedømme

Oppretta i 1952. Bispesete i Bodø.

Innsetjingsår Namn Leveår
1952 Wollert Krohn–Hansen 1889–1973
1959 H. E. Wisløff 1902–1969
1969 Bjarne O. Weider 1913–1985
1982 Fredrik Grønningsæter 1923–2016
1992 Øystein I. Larsen fødd 1941
2007 Tor Berger Jørgensen fødd 1945
2016 Ann-Helen Fjeldstad Jusnes fødd 1956

Nord-Hålogaland bispedømme

Oppretta i 1952. Bispesete i Tromsø.

Innsetjingsår Namn Leveår
1952 Alf Kristian Theodor Wiig 1891–1974
1961 Monrad Norderval 1902–1976
1972 Kristen Kyrre Bremer 1925–2013
1979 Arvid H. Nergård 1923–2006
1990 Ola Steinholt 1934–2009
2002 Per Oskar Kjølaas fødd 1948
2014 Olav Øygard fødd 1956

Preses (leiande biskop) i Bispemøtet

Oppretta i 2011. Bispesete i Trondheim.

Innsetjingsår Namn Leveår
2011 Helga Haugland Byfuglien fødd 1951
2020 Olav Fykse Tveit fødd 1960

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Jardar Seim

Går man til oversikten til slutt i artikkelen om bisper i Norge etter reformasjonen, er det fort gjort å se at den ikke er oppdatert på noen år. Det samme kan være tilfelle med artikkelen ellers, uten at jeg har sjekket det (har verken kompetanse eller tid til det). Men jeg oppdaget uten videre at det som er oppgitt om minste tid mellom hver bispevisitas, er feil. I artikkelen står det seks år. Følger man linken til "bispevisitas", står det åtte år (hvilket, så vidt jeg vet, er riktig). Til slutt: I overskriften over bispeoversikten er det prestert å skrive norge i stedet for Norge.

svarte Hallgeir Elstad

Takk for innspel! No er oversikta ajourført! mvh Hallgeir Elstad

skreiv Håkon Arnljot Sukke

Eg synest at det bør koma fram i oversikten over biskopar at Stavanger var eit bispedømme alt frå 1120.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg