Oppskriftshefte

Oppskriftshefte med reklame for Freia bakepulver frå 1920–1930-åra.

Oppskriftshefte
Kakestykke
Utan bakepulver blir ikkje kaker luftige og mjuke.

Bakepulver er eit hjelpemiddel som hevar bakverk ved at det blir utvikla gass. Bakepulver blir tilsett i staden for gjær.

Faktaboks

Uttale

b'akepulver

Innhald og verkemåte

Hovudingrediensen i bakepulver er natriumhydrogenkarbonat, ofte kalla natron (E 500, E-nummeret omfattar òg sambindingane natriumkarbonat og natriumsesquikarbonat). Dette frigjer karbondioksid (CO2) når det blir blanda saman med vasshaldige ingrediensar, når det blir varma opp, og når det reagerer kjemisk med ei syre.

For å få frigjort all gassen er det nødvendig å tilsetje ei eller fleire syrer. Avhengig av kva syre som blir brukt, kan ein styre når gassutviklinga i deigen skal skje. I dag blir det vanlegvis brukt såkalla totrinns bakepulver, som frigjer noko gass når deigen blir blanda, medan mesteparten av gassutviklinga skjer under steikinga. Dei mest brukte syrene er monokaliumfosfat, dikaliumfosfat og trikaliumfosfat (E 340) som frigjer gass under steiking, mono-, di- og trikalsiumfosfat (E 341) som frigir noko av gassen ved blanding av deigen, og di- og monokaliumtartrat (E 336) som gir gassutvikling i omnen.

I tillegg inneheld bakepulver stivelse som fortjukkingsmiddel for å hindre reaksjonar internt i produktet ved at komponentane blir haldne skilde og pulveret tørt. Dette hindrar òg produktet i å klumpe seg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg