Aurlandssko
Aurlandssko.
Aurlandssko
Av /NTB.

Aurlandsskoen er ein skinnmokasin som vart utvikla tidleg på 1900-talet i Aurland i Sogn. På 1960- og 1970-talet vart den ein internasjonal klassikar, og i løpet av dei siste tiåra har den igjen blitt aktuell i motebildet.

Historie

Opphavet til Aurlandskoen går heilt tilbake til slutten av 1800-talet og til skomakaren Nils Gregoriusson Tveranger (1874–1953). Han hadde lært seg skomakaryrkjet medan han budde i Boston i Amerika. I 1894 flytta han tilbake til Noreg og starta sin eigen skomakarverkstad i Aurland i Sogn. Her var det allereie eit relativt stort antal skomakarar, blant anna fordi turismen hadde gjort sitt inntog i Sogn, og den engelske adelen som kom til Aurland for å fiska laks i elvane og fjordane trong å få fottøyet sitt reparert.

På denne tida var det teseskoen som var det mest brukte fottøyet i området. I 1908 fornya Tveranger teseskoen ved å innlemma element frå sko han hadde sett i Amerika. Denne nye modellen fekk tilnavnet øyreskoen og vart den fyrste såkalla Aurlandskoen. Øyreskoen hadde snøring, litt kraftigare hæl enn teseskoen og pynt på bjoren (som er den delen av skoen som dekkjer rista på foten). For denne vann Tveranger fyrsteprisen på landsutstillinga i 1910, og i 1914 trykte Bergens Tidende reklame for øyreskoen.

Frå øyresko til mokasin

Utover på 1920-tallet gjekk utviklinga av Aurlandskoen meir i retning av det vi i dag tenkjer på som typiske mokkasiner, og på 1930-talet laga Tveranger den fyrste versjonen av Aurlandskoen slik vi kjenner den i dag. Snøringen vart fjerna og hælen gjort mindre enn på øyreskoen. I denne nye modellen kombinerte Tveranger den lokale teseskoen med mokkasiner han hadde sett hos det amerikanske Iroquois-folket. Dermed var den fyrste versjonen av den klassiske norske mokkasina, Aurlandskoen, lansert.

Eksportartikkel

Aurlandskoen blei svært populær, og etterkvart også ein viktig eksportartikkel. Ein av grunnane til at den blei så godt likt var at den var lett å ta på seg, sidan den ikkje hadde skolisser og var lett og rask å trø inn i. Ei anna årsak til at den nådde ut til eit breidt publikum var at den var enkel i form og utsjånad, og appellerte til båe kjønn. På 1930-talet blei den eksportert til fleire europeiske land, og amerikanarar på Europabesøk tok den med seg til USA der den blei omtalt som «Norwegian Moccasins».

Fleire amerikanske skofabrikantar byrja å laga sin eigne versjonar. Desse blei kalla «loafers» eller «slip-ons», to fellesgrep for sko utan snøring eller spenner. Det nyoppretta amerikanske herremagasinet Esquire bidrog til marknadsføringa ved å publisera fleire saker om den nye «norske mokkasina».

«Penny loafers»

På midten av 1930-talet laga det amerikanske firmaet G.H. Bass sin versjon av Aurlandskoen. Den vart marknadsført som «Weejuns», som var ei avleiing av Norwegians. På 1940-talet fekk denne nye versjonen av mokkasina kallenamnet «Penny loafers». Det finst ulike teoriar om kvifor den fekk dette tilnamnet som fortsatt. Den vanlegaste forklaringa er at det vart vanleg å leggja ein mynt - altså ein penny - i den lommeliknande pynten på overleret (tverrbjoren). Desse vart svært populære og gjekk snart frå å berre vera ein sommarsko brukt i heimen til å bli ein viktig del av både menn og kvinner sine garderobar. Sidan har mange internasjonale skofabrikantar og motehus laga sine eigne versjonar av Aurlandskoen. Dei fyrste åra vart dei ofte marknadsdsført som «norske mokkasiner».

Brukt av stilikoner

På 1950 og 1960-talet blei mokkasiner populære blant stadig fleire samfunnslag og snart kunne ein sjå stilikon som John F. Kennedy, Audrey Hepburn og Paul Newman i blankpussa Weejuns. Ei anna gruppe som bidrog til at den kom på moten var dei nye musikkidola, frå amerikanske jazzmusikarar til britiske Mods. Til og med forfattaren Ian Flemming utstyrte filmlegenden James Bond med mokkasiner. Også feministrørsla gjorde at fleire kvinner gjekk i sko utan høg hæl, og mokkasiner med flat hæl blei stadig meir populær som damesko.

Den siste skofabrikken i Aurland

Den originale Aurlandskoen fekk si glanstid på 1950-talet. På denne tida hadde Aurland og omegn 19 skofabrikkar som i 1959 tilsaman selde 100 000 par til inn og utland. Men på slutten av 1960-talet la fleire og fleire av skofabrikkane i bygda ned, mykje på grunn av hard konkurranse frå internasjonal skoindustri, men også fordi mange av dei ansette fann betre betalte jobbar i andre industriar, som vaks fram med utbyggjinga av kraftindustrien. På 1970-talet var det berre ein einaste skofabrikk att i Aurland. Medan den internasjonale skoindustrien produserte nye og oppdaterte versjonar av mokkasina – som dei selde til millionar av kundar i alle aldrar – vart den originale Aurlandskoen i svart eller brunt skinn nå forbunden med godt vaksne og trauste personar. Den nye globale sko- og klesindustrien krevde at Aurland skofabrikk måtte tenkja nytt dersom dei skulle oppretthalda produksjonen.

Modernisering av originalen 

Eit viktig grep for å modernisera Aurlandskoen blei difor å samarbeida med norske designarar. Tanken var å gi klassikaren ein meir moderne utsjånad som skulle vera i takt med moten. Blant anna inngjekk fabrikken i Aurland eit samarbeid med norske motedesignarar. Dermed fekk nye versjonar av Aurlandskoen vist seg fram på catwalken og i den norske pressa. Samtidig som skoutvalget vart utvida og modernisert vart det også lansert nye produkt, som vesker, belter og lommebøker. I dag blir Aurlandssko og tilbehøyr forbundne med klassisk-moderne produkt som blir laga lokalt og på tradisjonelt vis. Sidan fabrikken tilbyr haldbare produkt som er laga lokalt er den også i takt med folks nye haldningar til miljø og berekraft.

I 2009 blei Aurland skofabrikk eit economuseum, eit internasjonalt tiltak som har som mål å fremja lokale handverksbedriftar og leggja til rette for at besøkjande skal få sjå korleis produkta vert laga, og læra om historien bak bedrifta.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg