Armert betong

François Hennebique: Konstruksjonssystem for armert betong (1892) med søyler, dragarar, bjelkar og dekke (etter Curtis). Søylene og dragarane er forma ut med vute.

Armert betong
Av .

Armert betong er betong som er forsterka med armeringsstål eller eit anna armeringsmateriale. Armeringa er som regel stenger eller kablar av stål, der stålet er heilt omgitt av betongen. For at det skal vere mogleg å armere betong, må dei to materiala ha same varmeutviding.

Faktaboks

Uttale
armˈert betong

Eigenskapar

Betong har så låg strekkstyrke (cirka 1/10 av trykkstyrken) at ein i praksis reknar at han ikkje kan oppta strekkpåkjenningar. I armert betong opptek armeringa strekkpåkjenninga. Med det kan armert betong brukast i konstruksjonar der uarmert betong er ubrukeleg. Fordi armeringsstålet skal liggje i strekksona av tverrsnittet, må stålet bøyast opp eller ned etter som trykk- og strekksona skiftar plass, til dømes i felta og over opplegga ved ein kontinuerleg bjelke. For at eit armeringsstål skal vere effektivt, må det vere forankra i begge endar. Forankringa er berre effektiv i trykksona av tverrsnittet og skjer ved heftsamband til den omgivande betongen. Nødvendig forankringslengd er 20–40 gonger stongdiameteren.

Armering blir også brukt for opptak av trykkpåkjenningar, men fordi det er meir økonomisk å oppta trykk med betong enn med stål, er det berre der det er særleg om å gjere å halde dimensjonane nede, at dette blir gjort. I og med at betongen fungerer som korrosjonsvern for armeringsstålet, blir det stilt visse minstekrav til betongoverdekninga mellom armering og betongoverflata. I utsette konstruksjonar og aggressive miljø må overdekninga aukast.

Tettleiken for armert betong er cirka 2500 kg/m3. Til armert betong blir det ikkje brukt betong med lågare trykkfastleik enn 15 N/mm2.

Spennbetong

Utviklinga har gått i retning av stadig høgare kvalitet og medfølgjande høgare tillatne påkjenningar både for stål og betong. Ei viktig utvikling har vore innføringa av den såkalla spennbetongen, der ein ved hjelp av oppspenning av armeringa gir betongen ei førehandstrykkspenning. Belastningar som elles ville gitt strekkspenningar i betongen, gir med det berre reduserte trykkspenningar, slik at konstruksjonen kan gjerast slankare.

Armerte betongkonstruksjonar er tekne i bruk i samband med installasjonar for petroleumsutvinningkontinentalsokkelen. Dette har medført stor vidareutvikling av bereknings- og produksjonsmetodar.

Utdanning

Utdanning innan armering blir gitt på ulike nivå. Det er mogleg å ta fagbrev i armering ved to år i vidaregåande skule og to år i lære. Skuledelen består av grunnkurs i byggfag og vidaregåande kurs i betongfag. Læretida blir avslutta med fagprøve. Utdanning i armering blir også gitt ved enkelte statlege høgskular og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Historikk

Armert betong blei oppfunne omkring 1850 av franskmannen Joseph Monier, men det var først på 1900-talet at berekningsteorien blei fullt utvikla, og at materialet etter kvart fekk stor utbreiing.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg