Holstein-Gottorp
Slekta Holstein-Gottorp er ein av dei mest framståande aristokratiske familiane i Europa og har forgreiningar i både Tyskland, Danmark, Sverige og Russland. Biletet våpenskjoldet til slekta i Rendsburg.
Urne og Ahlefeldt

Slektene Urne og Ahlefeldt var blant dei aristokratiske familiane i Danmark og Norge. Biletet viser gipsavstøypingar av våpenskjolda til dei to slektene.

Av /NTNU Vitenskapsmuseet.
Lisens: CC BY 3.0

Aristokrati er ei styreform der ein overklasse (adel, geistlege, rikmenn eller storbønder) utøver den politiske makta. Statsforma blir kalla oligarki dersom makta ligg hos eit fåtal slekter (eller personar), og plutokrati eller timokrati dersom makta blir utøvd av rikmennene.

Faktaboks

Uttale
aristokratˈi
Etymologi

til aristokrat, frå gresk over fransk asistocrate, sjå aristo- og -krati

Også kjend som

herrevelde

engelsk aristocracy

Omgrepet aristokrati blir òg brukt om sjølve overklassen som samfunnsgruppe, særleg om adelen.

Historikk

Dei fleste land har gått gjennom ein periode med aristokratisk styre. Dette gjeld òg republikkar, særleg i antikken og i bystatane i mellomalderen.

Antikken

«Gerusia» (eigentleg «eldsterådet») i Sparta var eit gamalmannsaristokrati der makta bygde på dei gamle slektene ved dei eldre leiarane deira. I Athen grunnla eupatridane, den gamle adelen, eit aristokrati som kvilte på fødselsfortrinn.

I den seinare tida av den romerske republikken blei fødselsaristokratiet fortrengt av eit embetsaristokrati, etter kvart sterkt blanda med element som fekk makt og innflytelse berre fordi dei var rike (riddarklassen).

Mellomalderen

Eit utprega aristokrati var forfatninga i fleire av Italias (særleg Venezias) og Sveits' republikkar i mellomalderen og renessansetida.

I dei større statsdanningane i Europa var det først og fremst i Preussen, Austerrike, Ungarn, Russland og Storbritannia at aristokratiet greidde å bevare ei stor og anerkjend makt nesten fram til notida.

Maktstillinga til det eigentlege mellomalderske, føydale aristokratiet blei etter kvart kraftig svekt: først av kongemakta, seinare av den kongevalde embetsstanden i einevaldstida. I Frankrike blei revolusjonen i 1789 det avgjerande skiljet. I andre europeiske land, som Ungarn, Preussen og Russland, heldt aristokratiet fram med å øve politisk innflytelse heilt til omveltingane under og etter første verdskrigen brått (og til dels brutalt) gjorde slutt på den privilegerte stillinga deira (til dømes under den russiske revolusjonen).

Dei nordiske landa

Den gamle norske fylkesstaten var demokratisk i organisasjon og forfatning, fordi tinget var midtpunktet i stats- og samfunnslivet. Men makta låg eigentleg hos eit aristokrati av høvdingar og storætta, rike godseigarar. Dette gamle norske aristokratiet fekk knekken sin ved borgarkrigane på 1100- og 1200-talet, og etter kvart mista det mykje av betydninga si, dels på grunn av svartedauden, og dels fordi dei hanseatiske kjøpmennene og andre byborgarar gradvis fekk større økonomisk makt.

Statsrettsleg spelte aristokratiet likevel ei rolle fram til innføringa av eineveldet i 1660, idet det utgjorde rekrutteringsgrunnlaget for riksrådet (sjå riksrådskonstitusjonalisme).

Både Sverige og Danmark har hatt ei aristokratisk statsform, då adelen via riksrådet hadde mykje av den politiske makta. Blomstringstida til aristokratiet var i begge land på 1200-talet og strekte seg til siste halvdel av 1600-talet, då kongemakta blei eineveldig: i Danmark og Noreg i 1660, i Sverige i 1680. I Sverige finst framleis eit fødselsaristokrati med ein viss sosial innflytelse, men det same gjeld i mindre grad i Danmark.

I Noreg blei adelskapet avskaffa ved lov av 1821, men adelskapet hadde då lenge vore utan reell politisk eller økonomisk makt. Derimot hadde det byråkratiske styret, som utvikla seg under eineveldet, ført fram eit utprega embetsaristokrati. Men innflytelsen denne samfunnsklassen utøvde, var likevel meir av faktisk enn privilegert art, og innflytelsen forsvann etter kvart som dei andre samfunnsklassane fekk auka politisk innflytelse utover på 1800- og 1900-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg