Arktisk havis
Smeltevassdammar på havisen i Arktis. Is har høgare albedo (og reflekterer meir sollys) enn vatn. Vatn vil difor absobere meir av varmen frå Sola enn kva isen vil.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Albedoeffekten er det som hender når albedoen til ulike område blir endra og dermed påverkar klimaetJorda.

Faktaboks

Uttale
albˈedo
Etymologi
av latin ‘hvithet’

Lyse overflater som snø, is og skyer har høg albedo. Det tyder at dei reflekterer (kastar tilbake) mykje av sollyset som kjem inn mot Jorda, medan mørke overflater som hav og asfalt har låg albedo og reflekterer lite lys – dei absorberer (tar opp) mykje av det i staden. Når overflatene på Jorda blir endra ved at til dømes sjøis i Arktis smelter eller ved at store skogområde blir hogd ned, vil det gjere at meir eller mindre av solstrålinga blir reflektert enn før, og det vil kunne gjere det kaldare eller varmare i området. Når meir av sollyset blir sendt tilbake, vil det bli kaldare, når meir av sollyset blir tatt opp, vil det bli varmare.

Albedo

Albedo er eit uttrykk for kor stor del av lyset frå Sola som blir reflektert av ei overflate og varierer mellom 0 og 1. Jo høgare albedoen til ei overflate er, jo meir lys reflekterer overflata. Albedoen til naturlege flater i våre område er til dømes 0,4 for gammal skiten snø og 0,9 for nysnø. Det vil seie at høvesvis 40 prosent og 90 prosent av solstrålinga blir reflektert. Albedoen til ei flate har stor innverknad på varmeopptaket, til dømes smelter skiten snø raskare enn rein kvit snø når solstrålinga aukar utover våren.

Overflate Albedo
Nysnø 0,9
Gammal skiten snø 0,4
Havis 0,5-0,7
Ørken 0,4
Tørr, grå jord 0,35
Dyrka mark 0,2
Svart jord 0,1
Skog 0,15
Hav 0,06
Ny asfalt 0,05

Albedoeffekten

Når albedoen til eit område blir endra, kan det påverke klimaet, og det er dette som blir kalla albedoeffekten. Ulike typar landskap og forma på landskapet gjev ulik albedoeffekt. Eit asfaltert og tettbygd bymiljø vil behalde meir av varmen frå Sola enn den opphavlege lyse edellauvskogen som vaks i området tidlegare og som reflekterte meir av varmen ut att i verdsrommet. Ein tett og mørk planta granskog vil ha lågare albedo enn eit opent og lyst kulturlandskap. Dermed vil endringar i korleis areala blir brukt, gje endringar i albedoen til areala.

Albedoeffekten i snø- og isdekte område blir det prata særleg mykje om. I slike område vil ei endring av albedoen ha stor påverknad på den lokale og globale klimautviklinga. Kor stor del av jordoverflata som er dekt av snø og is, har mykje å seie for kor stor del av sollyset som blir reflektert. Isen og snøen (med høg albedo) kastar sollyset tilbake, medan bakken og havet (med låg albedo) tar opp meir av varmen frå Sola. Den gjennomsnittlege albedoen på Jorda blir lågare når isdekket i Arktis eller det snødekte arealet på kontinenta minkar, og når snøen ikkje blir liggjande like lenge. Dermed blir klimaet på Jorda varmare.

Is- og snøsmelting blir òg forbunde med tilbakekoplingsmekanismar. Når temperaturen stig, vil meir is smelte. Dette gjer igjen at ein større del av sollyset blir absorbert, temperaturen stig ytterlegare, enda meir is smeltar, og det oppstår det som blir kalla ei positiv tilbakekopling. Dette er mekanismar som forsterkar klimaendringar, og ein kan gjerne sjå på det som ein slags dominoeffekt. Motsett har ein negative tilbakekoplingar – desse bremsar endringar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg