Aksion er ein hittil hypotetisk elementærpartikkel. Aksion-partikkelen skulle vera svært lett, og kunne bli produsert i store mengder ved Big Bang og vera rundt oss enno, på same måten som foton som vart skapt ved big bang. Slike store mengder av aksion kunne dermed bidra til mørk materie. Om ein kunne påvise eksistensen av aksion ville ein forstå meir av universet. Ved fleire eksperiment leitar ein derfor etter aksion, blant anna ved CERN Axion Solar Telescope (CAST) i Geneve.

Frå teoretisk synsstad er utgangspunktet for den moglege eksistensen av aksionet det ein kallar det «sterke CP-problemet». I sterk vekselverknad (sjå kjernekrefter, kvantekromodynamikk, fargekrefter) er CP-symmetri (kombinert ladnings og spegelsymmetri) bevart, så langt ein kan sjå. Likevel kan dei dynamiske likningane for kvantekromodynamikk ha eit anomalt ledd som vil bryte denne symmetrien. I 1977 føreslo Roberto Peccei og Helen Quinn eksistensen av aksionet som løysing på det «sterke CP-problemet».

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg